Fylkesordfører,
Agder fylkeskommune har dei seinaste åra satsa tungt på å utvikle dei vidaregåande skulane i Kristiansand som fagleg gode og trygge utdanningsinstitusjonar. Fleire av skulane har elevar frå heile Agder og mange bur på hybel i nærleiken av skulen. Både dei tilflytta elevane, elevane som pendlar frå andre kommunar og elevane som bur fast i Kristiansand kommune nyttar lokalmiljøet i sentrum til skuleaktivitetar og fritid. Dei er eit positivt tilskot til bybiletet.
Som skuleeigar har me eit ansvar for at elevane på dei vidaregåande opplever eit sunt, godt og trygt miljø i Kristiansand sentrum. Derfor er eg uroa av at det i aukande grad vert rapportert i lokale media om valdshendingar, ran og andre krenkingar i og kring Wergelandsparken - midt i Kristiansand sentrum. Eg er sjølv pendlar til Kristiansand og bevegar med ofte forbi parken der det oppheld seg store grupper med menneske. Ein kan oppleve aggresjon og slåsskampar, og det går føre seg sal og bruk av narkotika relativt ope.
Dei som er ein del av miljøet i parken har sjølvsagt eit behov for ein stad å vere og mange av dei har heilt sikkert behov for hjelp og behandling, men det er samstundes viktig at byen kan nyttast og opplevast trygg av alle.
Slik er det ikkje i dag. Eg har tala med fleire ungdom som opplev området som uttrygt og som unngår det. Men det ligg samstundes midt i kommunikasjonsaksen mellom dei ulike delane av byen, og det er vanskeleg å unngå å ferdes gjennom området.
Det belasta miljøet i og kring Wergelandsparken kan og virke rekrutterande på unge og sårbare menneske. Det er ei utfording som ein må take alvorleg. Eg opplever samla sett situasjonen som svært bekymringsverdig. Kan fylkesordførar legge til rette for at fylkestinget får ei orientering om situasjonen og kva som blir gjort for betre den?