← Tilbake

Sak 196/24 - Bykle kommune - Revisjon av arealdelen til kommuneplanen 2025-2035 - Innspel til oppstart av planarbeid og høyring av planprogram

01
Fylkeskommunedirektøren sitt forslag til vedtak
Innstilling
Behandlet

Pkt.1

Fylkesutvalet er positive til revisjonen av arealdelen til kommuneplanen i Bykle kommune.

Pkt.2

Fylkesutvalet meiner at forslag til planprogram og vedteke arealstrategiar er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med arealdelen til kommuneplanen.

Pkt.3

Fylkesutvalet understrekar betydninga av å sjå utvikling av fritidsbusetnad , naturvern og forvaltning av villrein i samanheng . Det må arbeidast for å løyse eventuelle interessekonfliktar på en god måte.

Pkt.4

Fylkesutvalet ber kommunen nyttiggjere seg råd og merknader som følgjer av saksframlegget.

Vedlegg

Les mer
02
Forslag fra M. Dale (Sp)
Forslag
Publisert

Agder fylkeskommune meiner for å kunne vurdere samla belastning av ny arealdel, må sti og løypeplan reviderast samstundes slik at ferdsel ut frå utbyggingsområder også vert teke omsyn til.

Agder fylkeskommune meiner Bykle kommune bør vurdere behov for å avsette naudsynt areal til framtidig utviding av kraftanlegg, inkludert rigg, massebehov mm.

Agder fylkeskommune meiner Bykle kommune bør finne alternative øvingsområder for forsvarets aktivitet, for å heilt eller delvis avlaste dagens områder ved Geiskeli.

Vedlegg

Les mer