Brev frå Riksantikvaren t il Bykle kommune datert 25.04.25 leggast fram til orientering.
Riksantikvaren reiser motsegn til områdereguleringsplan for Hegni . Motsegna gjeld konflikt med fleire automatisk freda kulturminne.
Riksantikvaren vurdering:
« Innanfor planområdet er det to kjende jernframstillingsanlegg og 14
kolgroper . Alle kulturminna er knytt til produksjon av jern frå myrmalm i
vikingtid og mellomalder, og gir innsikt i tidleg metallurgisk teknologi og
samfunnsstruktur.
Riksantikvaren reiser motsegn til områderegulering for Hegni .
Reguleringsplanen er i konflikt med fleire automatisk freda kulturminne.
Dette gjeld den planlagde klatreparken, som er i konflikt med eit særleg
verdifullt jernvinneanlegg, og fleire av stigane som er i konflikt med
kolgroper med tilhøyrande sikringssoner » .
Fylkesutvalet har tidlegare handsama saken i møte 23.04.25
Fylkesutvalet vedtok ikkje fylkeskommunedirektøren sin innstilling om å reise motsegn til områdereguleringsplanen med følgande forslag til vedtak.
I medhald av underretningsplikta innan kulturmiljøforvaltninga, jf. § 7 i Forskrift om fastsetting av myndighet mv. etter kulturminneloven oversendte fylkeskommunen saken til Riksantikvaren for vurdering av saken på s jølvstendig grunnlag.