Søknad om driftmidlar til Stiftelsen Setesdal stavkyrkje
Fylkeskommunedirektøren sitt forslag til vedtak
- Hovedutvalg for næring, kultur og miljø a vslå r søknad frå stiftelsen Setesdal stavkyrkje om driftsmilder for perioden 2025 – 2027.
- Hovudutval for næring, kultur og miljø støttar tilrådinga frå fylkeskommunedirektøren om at fylkeskommunen likevel kan bidra med fagleg rådgiving, og ha ei observatørrolle i prosjektstyret.
Vedlegg
Forslag fra T. Høyum-Eriksen (H, KrF, V, Ap, FrP og INP)
1 Hovudutvalet for næring, kultur og miljø meiner at prosjektet Setesdal stavkyrkje kan bli ein viktig samarbeidspartnar for Agder fylkeskommune når det gjeld å styrke kompetanse om og rekruttering til tradisjonshandverk i landsdelen. Prosjektet kan òg bli ei spanande attraksjon for regionen. Lokal forankring blir viktig for gjennomføringa av prosjektet, og det er ein styrke at Valle kommune er villig til å bidra.
Hovudutvalet sluttar seg samstundes til uroa som kjem fram i saksframlegget om usikkerheit knytt til finansiering og vidare bruk og eigarskap etter at byggeprosjektet er fullført. Det er avgjeranda at dette kjem på plass. Hovudutvalet for næring, kultur og miljø ber fylkesutvalet delvis innvilge søknaden frå Stiftinga Setesdal Stavkyrkje og løyve støtte for 2025 og første halvår av 2026. Eit vilkår for støtta er at stiftinga dokumenterer tilsvarande ekstern medfinansiering frå Valle kommune eller andre aktørar.
2 Hovudutvalet for næring, kultur og miljø støttar tilrådinga frå fylkeskommunedirektøren om at fylkeskommunen også kan bidra med fagleg rådgiving, og ha ei observatørrolle i prosjektstyret.
3 Hovudutvalet oppmodar stiftinga til å søkje samarbeid med andre tilbydarar av kulturopplevingar i regionen, med mål om å få besøkande til å bli verande lenger.