Votering er ferdig i denne saken.
Resultat av votering
15:31 Forslag fra T. Høyum-Eriksen (H)
Statsforvaltaren må ikkje stanse viktig næringsutvikling i Setesdal
Hovudutval for næring, kultur og miljø vil med dette uttrykke sterk uro over at Statsforvaltaren i Agder ser ut til å ville stanse vidare utvikling av Syrtveit fiskeanlegg i Evje og Hornnes, der FYRI planlegg oppdrett av bleka – ein art med stort potensial både for miljø og næring.
Dette er ikkje ei nyetablering, men ei vidareføring av over 30 års lokal kompetanse og erfaring med bleka. Det er snakk om eit anlegg som nyttar lukka, miljøvennleg teknologi (RAS), og som er vurdert av fagpersonar til å vere innanfor både tålegrenser og gjeldande regelverk. Det er difor oppsiktsvekkjande at Statsforvaltaren vel å overprøve desse vurderingane.
Statsforvaltaren blandar inn utsleppstillating i reguleringsplanprosessen, sjølv om dette høyrer heime i konsesjonsbehandling etter forureiningslova.
Evje og Hornnes kommune har gitt samtykke til vidare behandling, og det er dokumentert at utsleppa frå anlegget vil vere minimale og kontrollerte. Dessutan er det snakk om settefisk, ikkje matfisk.
Syrtveit-anlegget har potensial til å bli ei hjørnesteinsbedrift i regionen, med arbeidsplassar og store ringverknader for lokalt næringsliv. Bleka var lenge truga av utrydding, og dette prosjektet vil sikre at bestanden vert bevart og styrkt for framtida – både som naturressurs og som del av vår kulturarv. Med dette kan Bleka bli ei internasjonal merkevare som vil styrke reiselivet i Setesdal.
Hovudutvalg for næring, kultur og miljø
Agder fylkeskommune