Hopp til hovedinnholdet

Søknad om driftmidlar til Stiftelsen Setesdal stavkyrkje

02

Forslag fra L. K. Vennesland (Ap)

Alternativt forslag På vegne av Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristelig Folkeparti, Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet, Arbeiderpartiet, Arbeiderpartiet, Arbeiderpartiet og Arbeiderpartiet Behandlet

1 Fylkesutvalet meiner at prosjektet Setesdal stavkyrkje kan bli ein viktig samarbeidspartnar for Agder fylkeskommune når det gjeld å styrke kompetanse om og rekruttering til tradisjonshandverk i landsdelen. Prosjektet kan òg bli ei spanande attraksjon for regionen. Lokal forankring blir viktig for gjennomføringa av prosjektet, og det er ein styrke at Valle kommune er villig til å bidra. Fylkesutvalet sluttar seg samstundes til uroa som kjem fram i saksframlegget om usikkerheit knytt til finansiering og vidare bruk og eigarskap etter at byggeprosjektet er fullført. Det er avgjeranda at dette kjem på plass. Fylkesutvalet vil difor delvis innvilge søknaden frå Stiftinga Setesdal Stavkyrkje og løyve støtte for 2025 og første halvår av 2026. Eit vilkår for støtta er at stiftinga dokumenterer tilsvarande ekstern medfinansiering frå Valle kommune eller andre aktørar.

2 Fylkesutvalet støttar tilrådinga frå fylkeskommunedirektøren om at fylkeskommunen også kan bidra med fagleg rådgiving, og ha ei observatørrolle i prosjektstyret.

3 Fylkesutvalet oppmodar stiftinga til å søkje samarbeid med andre tilbydarar av kulturopplevingar i regionen, med mål om å få besøkande til å bli verande lenger.

Vedlegg

Les mer expand_more