Interpellasjon fra representanten Margit Dale (Sp) - regler for dekking av hotellovernatting i samband med politiske møter
Fylkesordfører,
Som folkevalde har me eit ansvar for å forvalte både tilliten frå innbyggjarane og dei økonomiske midlane me vert tildelte på ein ansvarleg måte. Eg opplever at dagens praksis for dekking av hotellovernatting i samband med politiske møte ikkje er tydelege nok, og at godene til politikarar har utvikla seg i ei retning som ikkje nødvendigvis samsvarar med det folk flest vil meine er rimeleg.
Politikarar har ulik reiseveg til møter i fylkeskommunen. Slik eg har oppfatta det, får enkelte hotellovernatting sjølv med relativt kort reiseveg, til dømes rundt ein time – også når møtet startar så seint som klokka 09. Etter mi vurdering er dette unødvendig bruk av offentlege midlar. Det bør vere klare og rettferdige retningslinjer som sikrar at ordninga vert praktisert likt og etter intensjonen, som er å leggje til rette for dei som faktisk har lang reiseveg eller upraktiske reiseforhold.
Forslag til vedtak: For å ha rett til dekka hotellovernatting i forkant av politiske møte i Agder fylkeskommune, bør ein som hovudregel ha minst to timars reiseveg éin veg.
Eller
Fylkesordføraren syter for at det vert lagt fram ei sak om revisjon av reglementet for dekking av reise og opphald, eller at gjeldande reglement vert teke opp til revidering.