Spørsmål fra representanten Margit Dale (Sp)
Russefeiringa har over tid utvikla seg i ei retning som skaper aukande uro blant både foreldre, lærarar og elevar. Fleire bekymrar seg for utviklinga. Samstundes vel fleire elevar å stå utanfor russefeiringa fordi kostnadene er for høge, eller fordi dei ikkje ønskjer å vere ein del av fest- og ruskulturen.
Vi ser ei russefeiring prega av stort pengepress, ekskludering, omfattande festing og bruk av alkohol. Det blir også meldt om uro knytt til narkotika og andre rusmiddel.
Mange opplever at politikarane står passive medan problema veks.
Når stadig fleire unge kjenner at russefeiringa ikkje er inkluderande eller trygg, er det eit signal om at utviklinga har gått for langt. Agder fylkeskommune er skuleeigar for dei vidaregåande skulane, og må difor ta ansvar når forhold rundt avslutninga av skuletida verkar negativt inn på læringsmiljø, inkludering og elevane si helse og tryggleik. Ein nasjonal strategi er under arbeid. Gjer fylkeskommunen noko konkret i år for at russefeiringa vert tryggare for russen og kva er framtidsplanen for ytterlegare tiltak for å trygge russefeiringa slik at den opplevast inkluderande for alle?
På denne bakgrunnen vil eg spørje fylkesordføraren:
- Kva konkret gjer Agder fylkeskommune i dag for å motverke ruspress, ekskludering og uheldig festkultur knytt til russefeiringa?
- Kva tiltak vil fylkeskommunen gjennomføre for å redusere det økonomiske presset og sikre at alle elevar kan få ei inkluderande avslutning på skulegangen?
- Korleis kan fylkeskommunen samarbeide med foreldre, elevar, politi og skulane for å førebyggje alkoholmisbruk, narkotika og utrygge situasjonar i russetida?
Spørsmål frå representanten Margit Dale (Sp) om tryggleik for elevar i Kristiansand sentrum
Spørsmål frå representanten Margit Dale (Sp) om tryggleik for elevar i Kristiansand sentrum
Mange elevar ved dei vidaregåande skulane i Kristiansand opplev utryggleik i kvardagen. Fleire av skulane ligg sentralt plassert i byen, og mange ungdommar ferdast dagleg gjennom sentrum, på veg til og frå skule, kollektivtransport og fritidsaktivitetar. Mange av desse bur på hybel.
Samtidig ser vi jamleg medieoppslag om ran, valdshendingar og uro også på dagtid i sentrumsområda. Dette skaper uro både blant elevar og foreldre. Eg har tidlegare teke opp situasjonen rundt Wergelandsparken, men utfordringane ser framleis ut til å vere til stades overalt i byen. Gjengkriminalitet er og eit stort problem.
Den siste tida har rusutfordringar ved restaurantar og serveringsstader, der fylkeskommunen har lærlingar utplasserte, vorte eit aukande problem. Fleire ungdommar vert eksponerte for rusmiddel og narkotiske stoff i desse miljøa. Organisasjonar som er representerte i Råd for likestilling, inkludering og mangfald har teke dette opp fleire gonger. Kva plan har vi for å følgje opp desse utfordringane?
Eit trygt skulemiljø handlar ikkje berre om det som skjer innanfor skuleporten, men også om tryggleiken på skulevegen og i nærmiljøet rundt skulane. Når fylkeskommunen eig og driv dei vidaregåande skulane, har fylket også eit ansvar for å bidra til at elevane kjenner seg trygge.
På denne bakgrunnen vil eg spørje fylkesordføraren:
- Kva vurderingar har fylkeskommunen gjort av tryggleikssituasjonen for elevar ved dei vidaregåande skulane i Kristiansand sentrum?
- Kva dialog har fylkeskommunen med Agder politidistrikt, Kristiansand kommune og skulane om førebygging av vald, ran og uro i sentrumsområda?
- Kva kan fylkeskommunen setje i verk for å styrkje tryggleiken og tryggleikskjensla til elevane, både i skuletida og på veg til og frå skulen?
Spørsmål fra representanten Margit Dale (Sp) - behandling hos kjeveortoped
No må mange barn reise langt for å få behandling hos kjeveortoped. Foreldre må til dømes køyre barn frå øvre Setesdal for berre nokre få minutt med behandling. Dette tek ein heil dag.
Er det mogleg å etablere ei ordning med ein ambulerande kjeveortoped som kan reise ut til kommunane og gi behandling lokalt?
Behandling
Det ble ikke fremsatt forslag under behandling av saken