Til fylkesordføraren,
Det har den siste tida oppstått ei sak knytt til skuleskyssen i Kvinesdal kommune. Agder Kollektivtrafikk (AKT) har gjort vedtak om å ikkje lenger hente elevar ved dei etablerte haldeplassane ved Øye Skule og heile indrevegen til Egelandsmyra, Botnan og Fjellvegen (Hamrebakkan). Dette rammar direkte elevar og familiar, og skapar uhaldbare situasjonar for fleire.
Endringa framstår som dårleg varsla, utilstrekkeleg grunngjeven og utan omsyn til dei praktiske konsekvensane for dei det gjeld. Resultatet er at elevar får ein vesentleg forverra skuleveg.
Eit av hovudargumenta som er framført, skal vere vektavgrensing på vegane. Det er vanskeleg å forstå at AKT kan bruke dette som grunnlag for å redusere tilbodet. At skulebussane blir tyngre kan vere, men at skuleskysstilbodet skal bli kuttet er det ikkje mange som forstår. Ein kan ikkje akseptere at elevar skal måtte gå desse strekningane, då det på nytt ynska stoppestad på Øyesletta (Valleknuten) er ei fartsgrense på 80km/t.
Senterpartiet meiner det er urimeleg at tekniske eller administrative utfordringar – som til dømes feil dimensjonering av bussmateriell – skal gå utover elevar sin rett til ein trygg skuleveg.
Denne saka har skapt stor frustrasjon og utryggleik lokalt. Det er avgjerande at fylkeskommunen tek eit tydeleg ansvar og bidreg til å gjenopprette eit trygt og føreseieleg skuleskyssopplegg.
Kvinesdal Kommune er ein trafikksikkerhetskommune, men ei slik endring vil kunne føre til at føresette og foreldre vil i større grad køyre barna til skulen.
På bakgrunn av dette vil me stille følgjande spørsmål til fylkesordføraren:
• Kva er den faktiske grunngjevinga for at AKT har fjerna stoppa ved Øye Skole og hele indreveien til Egelandsmyra, Botnan og Fjellvegen, og korleis er konsekvensane for dei råka elevane vurderte?
• Korleis kan det forsvarast at argument om vektavgrensing på bussene vert brukt til å redusere eit lovpålagt og nødvendig tilbod, i staden for å tilpasse kapasiteten og bussmateriellet til behovet? (Køyre 2-3 lettare bussar til dømes)
• Kva ansvar meiner fylkeskommunen at AKT har for å sikre føreseielege og trygge skyssordningar for elevar, og har dette ansvaret vore følgt opp i denne saka?
• Kva kan fylkestinget gjere for å rydde opp i denne konkrete saka, og sikre ei betre samhandling mellom forvaltning, operatør og lokalsamfunn i tilsvarande saker?
• Kva tiltak vil fylkeskommunen setje i verk for å forhindre at liknande situasjonar oppstår i framtida, til dømes når det gjeld planlegging og varsling til innbyggjarane og dialog med kommunane?
• Vil fylkeskommunen ta initiativ til ein gjennomgang av AKT sine rutinar og prioriteringar i skuleskyssordninga, med mål om å sikre at elevane sine behov vert sett først?
Innsendt av Senterpartiets fylkestingsgruppe