Fylkesordfører:
I desember løfta eg saka om dekking av hotellovernatting i samband med politiske møte, då opplevde eg at fleire i fylkestinget ikkje var klar over at vi ikkje har eit reglement for dette. Difor vel eg å løfte saka på nytt.
Som folkevalde har me eit ansvar for å forvalte tilliten frå innbyggjarane på ein ansvarleg måte. Hotellovernatting i samband med politiske møter har utvikla seg i ei retning som ikkje samsvarar med det folk flest vil meine er rimeleg.
Politikarar har ulik reiseveg til møter i fylkeskommunen. Slik eg har oppfatta det, får enkelte hotellovernatting sjølv med relativt kort reiseveg, til dømes rundt ein time – au når møtet startar så seint som klokka 09. Dette er ikkje ein fornuftig bruk av offentlege midlar.
Det er uhaldbart at me ikkje har eit reglement for hotellovernatting for politikarar. Det bør vere klare retningslinjer som sikrar at ordninga legg til rette for dei som har lang reiseveg eller upraktiske reiseforhold. Hotellopphold skal ikkje vere eit frynsegode.
Forslag til vedtak:For å ha rett til dekka hotellovernatting i forkant av politiske møte i Agder fylkeskommune, må politikarane ha minst to timars reiseveg éin veg. Ein kan avvike frå regelen i høve der overnatting er avgjerande pga. manglande naudsynte kollektivtransport-løysingar eller helsemessige utfordringar.