Fylkesordførar,
Samfunnet står i dag overfor eit meir samansett og krevjande risikobilete enn tidlegare. Klimaendringar, ekstremvêr, digitale trusler, sårbare verdikjeder og tryggleikspolitiske endringar stiller nye krav til beredskap og motstandskraft på alle forvaltningsnivå. Fylkeskommunen har eit viktig ansvar for å bidra til eit trygt og robust samfunn gjennom sine oppgåver innan samferdsel, vidaregåande opplæring, tannhelse, regional utvikling, samfunnsplanlegging og kommunikasjon.
Senterpartiet meiner at beredskap ikkje kan avgrensast til eigne planar og enkeltsaker, men må vere ein gjennomgåande del av all politikkutforming og sakshandsaming. Politiske vedtak som ikkje tek omsyn til beredskap, risiko og sårbarheit kan over tid svekkje fylket si evne til å handtere uventa hendingar og kriser.
For å styrkje den totale samfunnsberedskapen i Agder meiner Senterpartiet at konsekvensar for beredskap bør vurderast systematisk i alle saker som kjem til politisk handsaming i fylkestinget og dei politiske utvala.
Spørsmål til fylkesordføraren:
1. Korleis blir omsynet til beredskap og samfunnstryggleik vurdert i dag i saker som blir lagde fram for politisk handsaming i Agder fylkeskommune?
2. Ser fylkesordføraren behov for å styrkje og systematisere beredskapsperspektivet i saksframstillingar til fylkespolitiske organ?
3. Vil fylkesordføraren ta initiativ til at beredskap som hovudregel blir ein fast og synleg del av vurderingane i alle politiske saker som vert lagt fram til handsaming, på linje med Regionplan Agder 2030?
Med beste helsing
Kristin Ljosland
Gruppeleier, Agder Senterparti