← Tilbake

Sak 2/23 - Interpellasjon fra representanten Margit Dale (Sp) - Vidaregåande skular

01
Interpellasjon fra representanten Margit Dale (Sp)
Innstilling
Publisert

I det siste har det vore fleire medieoppslag om dei videregående skulane. Det har vore oppslag om rus i skuletida, blind vold, utestenging og salg av narkotika på skulden. I fylgje media skjer dette mest ved dei store skulane. Det er sett i gong tiltak som eg oppfattar som langsiktige. Det er vårt ansvar som skuleigar at elevane har ein trygg og god skulekvardag. Har ein gjennomført eller er det planlagt gjennomført akutte tiltak som vakthald og auka ressursar for å få kontroll på situasjonen? I så fall; kva for tiltak? Om det ikkje vert lagt opp til akutte tiltak ynskjer eg å vite bakgrunnen for dette.

Vedlegg

Les mer
02
Svar frå fylkesordfører:
Innstilling
Publisert

Agder fylkeskommune som skoleeigar har fokus på å hindre og følgje opp rus og vald ved skulane våre. Det er viktig å understreke at dei fleste ungdommane oppfører seg bra, men enkeltsaker kan være utfordrande både for den enkelte og for elevmiljøet ved våre skular.

For eitt år sidan var det rus-hendingar som utfordra elevmiljøet ved skulane våre. I tillegg endra samarbeidet med politiet seg etter nye retningslinjer frå riksadvokaten om korleis politiet skal handtere rusmiljøet. Skulane opplevde at dei mangla nok kompetanse eller verktøy for å handtere dei mest krevjande enkeltsakene.

Difor sette vi i gang eit arbeid der vi utarbeidde ein rusførebyggande plan for skulane våre. Målet er å hindre uønska og skadelege konsekvensar av ungdoms rusbruk, og å møte ungdommar som står i utfordringar på ein profesjonell og støttande måte. Planen inkluderer også korleis vi samhandlar med aktuelle samarbeidspartnarar.

Vald og truslar er eit aukande problem i heile skolen. Dei siste åra har merksemda og registreringa av vald i skolen blitt mykje betre, og det gir oss eit betre grunnlag for å takle det. Problema er hovudsakleg knytta til dei yngste elevane i grunnskulen. Samstundes ser vi i vidaregåande skolar saker som er krevjande for skolen å handtere åleine. Også her har vi sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå korleis skolane kan støttast i arbeidet med vald og truslar. Arbeidsgruppa ser på:

• rutinar for korleis skolane handterer vald og truslar.

• rutinar for korleis tilsette blir ivaretekne.

• opplæring av tilsette.

• etablering av støttesystem som kan hjelpe skolen med å handtere krevjande saker.

Elevane har rett til eit trygt og godt miljø. Saker som gjeld rus, truslar eller vald blir nøye følgde opp av den enkelte skolen. Skoleeigaren støttar skolane i enkeltsaker, og ved behov for ekstra tiltak blir det sett i verk av skolane sjølve. Vårt arbeid med at alle skal fullføre vidaregåande opplæring fører til at fleire i ungdomskullet er på våre skular. Dette er først og fremst positivt, men vi ser også at det fører til at utfordringar som pregar nyheitsbiletet om kvelden, blir ein del av skulekvardagen. Skolane melder at det er behov for auka innsats for å tryggje eit inkluderande og sikkert elevmiljø for alle elevane våre.

Vedlegg

Les mer