Fylkesutvalet påklagar med heimel i plan- og bygningslova § 1-9, Bygland kommune sitt vedtak av 14.11.2023, sak 96/23 om frådeling av ny tomt og rammeløyve for oppføring av ny fritidsbustad på gnr. 3, bnr. 4 ved Kattetjønn på Langeidsheia. Føremål er at vedtaket blir gjort om.
Vedtaket strir mot retningslinjer gitt i regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, og vil kunne skape presedens, ikkje berre i Bygland, men og i andre kommunar i Heiplanområdet.
Fylkesutvalet ber om utsett iverksetting inntil klagesaka er behandla.