Forslag

Tilskott til den kulturelle spaserstokken i kommunene 2023

01
Framlegg om å ta dette til orientering:
Innstilling
Behandlet

Agder fylkeskommune hadde 1 861 000 kroner til Den kulturelle spaserstokken i 2023. Dette er fylkeskommunale midlar, og ein har vald å fordele desse til kommunane etter ei viss utrekning basert på antall personer over 70 år, men med eit minstebeløp til kommunar med få innbyggarar. Det er for at kommunar med få eldre og skal kunne betale samme honorar for aktørar på lik line med andre. Minstebeløpet var på 23 500 kroner. 10 kommunar fekk dette beløpet.

Kommunane rapporterar på antall arrangement, innhald, kostnad og visningsarena. I

tillegg kan dei skrive litt om organisering, ekstra utfordring og kva som fungerte bra.

Rapportane viser til stor aktivitet i Agder, initiert av DKSS midlane. Dei

aller fleste arrangementa er på bu- og omsorgssentre, men også på dagsentre, bibliotek,

kino, kyrkje, kulturhus, frivilligsentralar, turar og utearrangement. Tilbodet i spaserstokken er mangfaldig og profesjonelt, alt frå konsertar, foredrag, matkultur og fortellerteater og så vidare. For å vere nøyaktig kan vi telje 870 tilbod/arrangement.

Tilbod til innbyggarane i kommunen er ei kommunal oppgåve. Her går Kristiansand kommune føre som eit godt eksempel. Dei doblar beløpet med eigne midlar, og har over 1 million til disposisjon. Andre kommunar har bare tilskottet frå fylkeskommunen til DKSS.

Kommunane organiserar tilbodet i spaserstokken på ulike måtar, men alle samarbeidar

med andre. Dei fleste har eit samarbeid mellom helse- og omsorg og kultur, sammen med

aktivitørane på institusjonane og eldrerådet. Dei fleste kommunane samarbeider med

frivilligsentralane, eller frivilligsentralen har rett og slett hovedansvaret.

Mange nytter seg av tilbodet til Agder Folkeakademi.

Agder fylkeskommune inviterar til årleg nettverksamling for dei ansvarlege for

spaserstokken i kommunane. Då er det fagleg påfyll, inspirasjon, erfaringsutveksling og

informasjon. I 2023 var samlinga i Lillesand, med DKSS ansvarleg som vertskap.

Dei kommunale DKSS ansvarlege prøver å påverke eigen kommune til å legge midlar i potten, slik Kristiansand kommune gjer, men vanskeleg å prioritere når kommuneøkonomien er stram.

Vedlegg

Les mer