Pkt.1 Fylkesutvalet er positiv til ein berekraftig samfunnsutvikling i Brokke.
Pkt.2.
Fylkesutvalet meiner at Valle kommune har gjort fleire gode vurderingar og peikar på viktige sentrale problemstillingar for det vidare planarbeidet.
Pkt.3.
Planområdet inneheld fleire regionale og nasjonale interesser som utbyggingsplanane potensielt kan kome i konflikt med. Fylkesutvalet ber kommunen ta omsyn til desse interessene og nyttiggjere seg råd og merknader som følgjer av saka.