Kva var den estimerte årlege innsparinga i kostnader, ved å selge grendehusa i Grendi og Åraksbø?
Bakgrunn for førespurnaden er at årsmøtet i Bygland Senterparti vedtok å sjå på reversering av vedtaket om å selge bygga.
Las Setesdølen for ei tid tilbake der ordføraren synsa med tankar om å flytje kommunehuset ned i nytt bygg i Prestneset.
Dette fekk nok mang ein slitar av tilsette på Byglandsheimen til å hoppe i stolen av vonløyse.
Det er ingen løyndom at Pensjonistpartiet ynskjer å vere pådrivar for eit nytt omsorgssenter i Bygland med ei meir høveleg plassering enn i dag. Men me er realistiske og ser neppe dette i denne perioden. Og i alle høve må dette bli før ei nytt kommunehus.
Kva var bakgrunnen for dette utspelet som ikkje er forankra i noko kommunestyrevedtak?
Svar: Ordførar har sjølvsagt ikkje mynde til å rive kommunehus og sette opp nye på eiga hand. Men ordførar har, som andre politikarar høve til å uttale seg om utfordringer, idear, løysinger og anna i media. Å sette saker på dagsorden både i kommunestyret og i media er ein del av det politiske arbeidet og viktig i det offentlege ordskiftet. Dette gjeld både ordførar og alle andre som sit i kommunestyret og råd og utval.
Konkret når det gjeld kommunehuset, så har utfordringane og status her på huset vore tema for kommunestyret, mellom anna ved at vi har hatt befaring, det har vore løfta at det er behov for ein heil del utbetringer på huset. Det er slike ting som er den direkte årsaka til at vi for tida ikkje har tannlegekontor på kommunehuset. Mellom anna har vi høyrt at energiforbruket er så høgt at ssb lurar på om det er feilrapportert. Spørsmåla er kva vi bør gjere, kva slags investeringsbehov er det tale om, og kva slags kommunehus og behov for kontor og slikt er det vi treng om ein ser litt lengre fram. Dette er noko vi må ta stilling til. I mellomtida er det lov å kome med idear.
Når tid kan me forvente den etterlengta «tilstandsrapporten»/gjennomgangen av Byglandsheimen som stadig blir utsett?
Svar frå Konst.kommunedirektør: Det er avsett inntil kr. 300.000.- i 2025 for å utgreie bygningstekniske forhold som skal danne grunnlag for ein vedlikehaldsplan framover. Det er og øneskeleg at ein og ser på feil og manglar ved dagens bygningar og eventuelle utbetringar. Det er ikkje planar om å sjå på nybygg.
Kva tankar har ordføraren konkret om korleis me skal møte den komande eldrebylgja som vil krevje både ekstra bemanning og lokalitetar?
Svar:
Det er jo eit relativt stort spørsmål som blir stilt i denne førespurnaden. Det er vel eigentleg det alle lurar på, i dei fleste kommunar i Norge, og i svært mange vestlige land i verden. Det blir stadig færre i yrkesaktiv alder i forhold til antal personar over pensjonsalder. I tillegg forventes levealderen å auke.
«Alt heng saman med alt», er eit kjent sitat frå Gro Harlem Brundtland, og slik er det vel også i denne saka.
La meg bare nå fort seie at vi også må huske på at denne eldrebølga på mange vis, og på fleire vis framover, også er ein ressurs. For eksempel i det frivillige, som jo er ein del av løysinga.
Med ein stadig aukande andel eldre vil det bli fleire som treng omsorgstenester frå det offentlige . Samstundes veit vi at kampen om kompetanse innan sjukepleie og helsefag blir tøffare. Det manglar alleiere i dag fleire enn 17.000 sjukepleiarar i følge ein artikkel eg just las i Sykepleien.
Det er åpenbart fleire ting vi må gjere.
Forebygging er kan hende det absolutt aller viktigste. Folkehelsearbeid, fysisk aktivitet, møteplasser (psykisk aktivitet, treffe andre, unngå ensomhet) er viktig å støtte opp om. Vi må jobbe for å redusere tida folk trenger på på sjukeheim.
Planlagt alderdom, korleis bur folk, forventningsnivå til heimesjukepleie, legge til rette for bustader, bufellesskap eller omsorgsboliger for eldre er viktig. Det er eit mål at eldre skal bu heime så lenge som råd er, det vil utfordre kommunen på å bygge nye bustader for eldre og omsorgsbustader sentralt i kommunen.
Kva slags institusjonar treng vi, korleis må dei vere utstyrt?
Korleis sørger vi for at vi har tilgang på folk med rett kompetanse?
Eg vil også nevne at REF også er opptekne av desse spørsmåla. Dei står bak større samlingar som til dømes eldredagar og liknande der desse tema blir løfta opp, som for eksempel busituasjon, digital kompetanse, kva slags boliger må vi legge til rette for og så vidare. Det er veldig viktig med slike samlinger og samtaler, det er mye og meir enn før ein bør ta ansvar for sjøl når det gjeld eigen alderdom.
Felles personellløysinger, interkommunale samarbeid, f.eks innan demens og andre aldersrelaterte tema er viktig og blir ikkje mindre viktig, det er eg sikker på.
Bare for å nevne det, så har eg til dette spørsmålet fått tilbakemeldinger frå administrasjonen om at vi har vi god plass og god bemanning på Byglandsheimen slik det er nå. Det er godt å høyre.
Som sagt, det er eit stort spørsmål, og ikkje mulig å svare heilt utfyllande på. Det er og blir ein av dei verkeleg store utfordringene, ikkje bare for Bygland kommune, men for heile landet.