Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å sette i gong prosess med frikjøp og kjøp av grunn for inntil kr. 1.000.000,- etter følgjande prioriteringsliste:
Areal innafor reguleringsplan for Presteneset og vassareal frå bru ved Ungsomshuset/Kvålsåne til sørenden av Raubekk.
Areal innafor reguleringsplan for Bygland sentrum, med unntak av Prestelidi
Festeareal i Prestelidi.
Sakshandsamingsgebyr, oppmålingsgebyr, tinglysingsgebyr ol. i samband med frikjøp og kjøp dekkast av prosjektet.
Kommunestyret skal ha orientering under vegs i prosjektet og det skal også bli lagt fram ein sluttrapport før saka blir avslutta.
Presisering, Posten på 1 mill. som ble satt av i budsjettet var øremerket for Prestneset og strandlinjen i forbindelse med areal og gjeldende arealplan der.