← Tilbake

Sak PS 30/2025 - Kommuneplanen sin arealdel 2025 - 2036 - 2. gongs høyring

01
Tilleggsforslag frå H
Tilleggsforslag
På vegner av Høgre
Behandlet

Straks etter vedtak i kommunestyret etter 2. gongs høyring starter kommunedirektøren revidering av KPA med formål å få med LNF-spredd og andre aktuelle arealformål.

Vedlegg

Les meir
02
Formnannskapet si innstilling
Innstilling
Behandlet

Forslag til kommuneplanen sin arealdel 2025-2036 blir sendt på 2. gongs høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 11-14. Med unntak av område for endurobane ved Nesmoen, område for solkraft Skjevraksnuten og solkraft ved Lyngnes, som vert teken ut etter innspel frå regionalt planforum om at det vil komme innsigelser på desse områda. Det er endringane i plandokumenta etter 1. gongs høyring det kan gis uttale til.

Vedlegg

Les meir
03
Habilitet frå K. W. Bygland (PP)
Habilitet
Publisert

Ein ber om ei vurdering av habilitet i høve saka. Årsak: han er nabo til Endurobanen. Ein bed samstundes om at framlegget frå Høgre ikkje blir sett opp mot innstillinga under votering.

Votering: Knut William Bygland blei samrøytstes vedteken som gild.

Vedlegg

Les meir
04
Forslag frå H
Forslag
På vegner av Høgre
Trukket

Kommuneplanen sin arealdel blir lagt frem til vedtak for kommunestyret i tråd med løyste motsegn og utan nye arealføremål.

Straks etter vedtak i kommunestyret starter kommunedirektøren revidering av KPA med formål å få med endurobane, andre aktuelle arealformål samt LNF spreidd.

Vedlegg

Les meir