Fjerne nest seiste kulepunkt: Bygland kommune er positive til at Å Energi AS engasjerer seg i landbasert vindkraft. Elles som kommunedirektøren si innstilling.
Kommunestyret vil spele inn desse momenta til arbeidet med å revidere eigarstrategien i Å Energi AS:
Å Energi AS skal vere ein påliteleg leverandør av straum til hushald og næringslivet som balanserer samfunnsansvaret med forretningsmessige prinsipp på ein klok måte. Transparens og openheit må liggje til grunn for selskapet si verksemd.
Vasskraftproduksjon og kraftnettverksemd i Noreg vert definert som kjerneverksemda til Å Energi AS.
Investeringar i andre verksemdsområde må tuftast på svært grundige risikovurderingar. Fullmaktsstrukturen i selskapet må utformast slik at terskelen er låg for å involvere eigarane i investeringsavgjerder som ikkje gjeld kjerneverksemda.
Eit stabilt og konkurransedyktig utbyttenivå er avgjerande for å oppretthalde den regionale eigarskapen i selskapet. Eit noko høgare utbyte enn dagens nivå på 70% bør utgreiast.
Nokre av styremedlemene valde av dei samordna kommunane må ha god regional forankring.
Rammevilkåra for landbasert vindkraft har endra seg sidan fusjonen. Spørsmålet om selskapet skal involvere seg i landbasert vindkraft bør difor diskuterast grundig i samband med revideringa av eigarstrategien.
Bygland kommune er positive til at Å Energi AS engasjerer seg i landbasert vindkraft
Eigarkommunane bør få ein observatør oppnemnd av kommunedirektørane med møte- og talerett i AU.