I medhald av plan- og bygningsloven §§ 19-2 og 19-3 blir det gjeve mellombels dispensasjon frå byggeforbod langs Byglandsfjorden og frå regulerings plan for Presteneset for etablering av 16 plassar til bubilparkering og plassering av tømmestasjon med toalett og dusj som omsøkt på følgande vilkår:
Dispensasjon gjeld i inntil 9 år frå vedtaksdato.
SPA 3 må opparbeidast i samsvar med plan og det må vere avsett plass til og skilta minst 1 stk HC-parkering.
Tiltak må ikkje vere til hinder for tilkomst med køyretøy til pumpehus.
Området har stor almenn interesse og kommunen har fleire andre søknader/initiativ om etableringar i området, det må difor bli det sett i gong arbeid med planendring frå hausten 2025.
Dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. Plan- og bygningsloven § 21-9.
Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova, eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljøet jfr §§ 8-12, jfr §7. Grunngjeving for å gi mellombels dispensasjon i inntil 10 år er at ein ikkje kan sjå at tiltaket setter føremålet med loven eller planen vesentleg til side. Føremålet med reguleringsplanen på Presteneset er ma. å legge til rette for tenesteyting og næring. Fordelen med å gi ein mellombels dispensasjon er at området blir opparbeidd og bruka inntil det evt. kjem andre tiltak i området. Opparbeiding som blir utført no vil ikkje gjere det vanskelegare å gjennomføre reguleringsplanen slik den er vedteken. Opparbeidinga medfører heller ikkje eit stort irreversibelt tiltak som vil vanskeleggjere å evt. endre planen seinare.