1) I medhald av Plan- og bygningsloven § 19-2 blir søknad om dispensasjon byggegrense mot Otra for tiltak ved fritidsbustad på gnr. 34, bnr. 35 godkjent på følgande vilkår:
a. Det er berre tillete med eitt frittståande uthus på eigedomen.
b. Flytebrygge kan ligge ute maksimalt 2 mnd. kvart år.
Grunngjeving for å gi dispensasjon er at ein ikkje kan sjå at føremålet med byggegrense mot Otra eller plan- og bygningsloven blir vesentleg sett til side då søknaden gjeld tilbygg til eksisterande fritidsbustad på eksisterande tomt som er regulert til fritidsbustader og der ingen nye tiltak utanom flytebrygge kjem nærmare Otra enn eksisterande bygg.
Ein kan heller ikkje sjå at det er ulemper med å gi dispensasjon i denne saka så lenge føresegner i plan og retningslinjer til kommuneplanen om berre eit uthus blir fylgt.
2) Eigar av gnr. 34, bnr. 35 får jfr. plan- og bygningsloven § 20-2 andre ledd, bokstav b), jfr. §§ 20-4, bokstav a) og 20-1 bokstav a), løyve til tilbygg av stove, overbygd terrasse, utviding av eksisterande terrasse, flytebrygge og bod på følgande vilkår:
a. Tiltaket kan ikkje takast i bruk før det er gjeve ferdigattest.
b. Tiltaket kan ikkje takast i bruk til anna føremål enn det som går fram av løyvet, evt. bruksendring krev godkjenning av bruksløyve jfr. pbl § 20-1 pkt. d).
c. Dersom det vert skifte av tiltakshavar før tiltaket er fullført, skal dette meldast til kommunen, både av den som først hadde tiltaket og den nye. Det same gjeld ved skifte av eigar jfr. pbl § 23-2.
Saksmappe: 2023/744
Sakshandsamar: LEF
Dato: 24.04.2025
d. Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket ikkje kjem i konflikt med leidningar i luft eller i bakken, som til dømes straum- og telefonleidningar eller privat vassleidning eller avløpsanlegg.
e. Det er ikkje tillate å brenne avfall. Avfall frå tiltaket skal sorterast og leverast på godkjend deponi.
f. Byggeløyve fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. plan- og bygningsloven § 21-9.
g. Ein gjer også merksam på at Bygland kommune kan føre tilsyn med at tiltak vert gjennomført i samsvar med gjelande lovverk og byggeløyve.
3) Dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. Plan- og bygningsloven § 21-9.
4) Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova, eller fører til
negative konsekvensar for økosystem eller miljøet jfr §§ 8-12, jfr §7.