1) I medhald av Plan- og bygningsloven § 19-2 blir søknad om dispensasjon frå kommuneplanens byggegrense mot Otra for tiltak ved fritidsbustad på gnr. 56, bnr. 53 godkjent på vilkår av at tiltak er i samsvar med:
a. Plan- og bygningsloven § 29-4, 2. ledd om byggverks avstand til nabogrense.
b. Strandsoneplanen pkt 2.4.2 om utbyggingsvolum.
c. Disposisjonsplanens føresegner.
2) Før det kan bli gitt byggeløyve for tiltak, må Bygland kommune ha fått ein ny fagmessig byggesøknad som inneheld alle relevante opplysningar for å vurdere byggesøknaden jfr. Byggesaksforskrifta § 5-4.
Grunngjeving for å gi dispensasjon er at ein ikkje kan sjå at føremålet med plan- og bygningsloven eller kommuneplanens føremål med byggegrense mot Otra blir vesentleg sett til side og fordelane med å gi dispensasjon er større enn ulempene.