Forslag

Søknad om dispensasjon frå LNF-område og byggeløyve for tilbygg til eksisterande bustad på gnr. 47, bnr. 40 på Bygland

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet

1) Jfr. Plan- og bygningsloven (PBL) § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå arealføremål LNF-område i kommuneplanens arealdel og reguleringsplan for Bygland sentrim for oppføring av tilbygg, carport og veranda, til eksisterand bustad på gnr. 47, bnr. 40 som omsøkt.:

Grunngjeving for å gi dispensasjon er at ein ikkje kan sjå at tiltaka tiltaket setter føremålet med plan- og bygningsloven eller LNF-føremålet vesentleg til side då dette tiltaket er på ei allereie frådela og opparbeidd bustadtomt. Fordelen med å gi dispensasjon er at tiltaket er vurdert til å vere i samsvar med kommuneplanens overordna mål om å legge til rette for og styrke fast busetting.

2) Eigar av gnr. 47, bnr. 40 får jfr. plan- og bygningsloven § 20-2 andre ledd, bokstav b), jfr. §§ 20-4 bokstav a) og 20-1 bokstav a), løyve til tilbygg av carport og veranda som omsøkt på fylgjande vilkår:

a. Arbeid med tiltaket kan ikkje setjast i gong før klagefrist for statlege og regionale instansar er ute.

b. Tiltaket kan ikkje takast i bruk før det er gjeve ferdigattest.

c. Tiltaket kan ikkje takast i bruk til anna føremål enn det som går fram av løyvet, evt. bruksendring krev godkjenning av bruksløyve jfr. pbl § 20-1 pkt. d).

d. Dersom det vert skifte av tiltakshavar før tiltaket er fullført, skal dette meldast til kommunen, både av den som først hadde tiltaket og den nye. Det same gjeld ved skifte av eigar jfr. pbl § 23-2.

e. Kommunen kan føre tilsyn med at tiltak vert gjennomført i samsvar med gjelande

lovverk og byggeløyve, jfr. pbl § 25-1. Løyvet og godkjende teikningar skal difor alltid vere på byggeplassen.

f. Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket ikkje kjem i konflikt med leidningar i luft eller i bakken, som til dømes straum- og telefonleidningar eller privat vassleidning eller avløpsanlegg.

g. Det er ikkje tillate å brenne avfall. Avfall frå tiltaket skal sorterast og leverast på

godkjend deponi.

h. Løyve til dispensasjon og byggeløyve fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. plan- og bygningsloven § 21-9.

i. Ein gjer også merksam på at Bygland kommune kan føre tilsyn med utføring av tiltaket. Dersom kommunen ønsker å føre tilsyn med at avfall blir levert på godkjent deponi, kan kommunen be om å få tilsendt kvittering som syner at avfall er levert på godkjent deponi.

3) Så lenge avfall frå tiltaket blir levert til godkjent deponi, eller bruka på nytt, kan ein ikkje sjå at omsøkte tiltak bryt med prinsippa i Naturmangfaldloven §§ 8-12,

jfr. § 7, eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljø.

Vedlegg

Les meir