Forslag

Søknad om dispensasjon frå plankrav, dispensasjon og unntak frå TEK 17 og søknad om byggeløyve for mellombels internatbygg på gnr. 47, bnr. 26 ved KVS-Bygland

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet

1) I medhald av plan- og bygningsloven § 19-2 og § 19-3 blir det gjeve mellombels dispensasjon for inntil 10 år frå vedtaksdato frå føresegner om plankrav i reguleringsplan for Bygland sentrum, for oppføring av mellombels internattbygg.

Grunngjeving for å gi dispensasjon er at omsøkte tiltak ikkje setter formålet med plankrav vesentleg til side fordi bygget er midlertidig og ein kan difor ikkje sjå at det er naudsynt med ei heilhetsvurdering og ein detaljplan for dette tiltaket.

Fordelen med å gi dispensasjon er at ein får dekka behovet for studentbustader som følgje av stor søknad til skulen. Vilkår for å gi dispensasjon er vurdert som oppfylte og ein dispensasjon frå plankrav i denne saka vil gi positive ringverknader for skulen og for næringslivet i kommunen.

2) I medhald av plan- og bygningsloven § 31-4 blir det gjeve dispensasjon og unntak frå TEK 17 for følgande:

a. Krav om universell utforming og tilgjengelighet for uteareal og innvendig areal.

b. Krav om avfallsplan § 9-6.

Grunngjeving for å gi dispensasjon og unntak frå TEK 17 er at krav til persontryggleik er vurdert til å vere tilstrekkeleg forsvarleg utifrå tryggleik, helse og miljø.

3) Eigar av gnr. 47, bnr. 26 får jfr. plan- og bygningsloven § 20-2 andre ledd, bokstav a), jfr. §§ 20-3 og 20-1 bokstav a), løyve til oppføring av midlertidig internatbygg som omsøkt på fylgjande vilkår:

a. Tiltaket kan ikkje takast i bruk før det er gjeve ferdigattest.

Før det kan bli gitt ferdigattest må tiltaket vere innmålt med koordinatar og landmålarføretak må ha erklært ansvarsrett for PRO og UTF, utstikking og innmåling av tiltaket.

b. Tiltaket kan ikkje takast i bruk til anna føremål enn det som går fram av løyvet, evt. bruksendring krev godkjenning av bruksløyve jfr. pbl § 20-1 pkt. d).

c. Dersom det vert skifte av tiltakshavar før tiltaket er fullført, skal dette meldast til kommunen, både av den som først hadde tiltaket og den nye. Det same gjeld ved skifte av eigar jfr. pbl § 23-2.

d. Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket ikkje kjem i konflikt med leidningar i luft eller i bakken, som til dømes straum- og telefonleidningar eller privat vassleidning eller avløpsanlegg.

e. Det er ikkje tillate å brenne avfall. Avfall frå tiltaket skal sorterast og leverast på godkjend deponi.

f. Byggeløyve fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. plan- og bygningsloven § 21-9.

g. Ein gjer også merksam på at Bygland kommune kan føre tilsyn med at tiltak vert gjennomført i samsvar med gjelande lovverk og byggeløyve.

2. Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Natrumangfaldlova §§ 8-12, jfr. § 7 eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljø.

Vedlegg

Les meir