1. DRIFTSTILLATELSE FOR STORESTRAUM SLUSENE.
Visar til «avtale» av 11.9.98 mellom Bygland kommune og driftssentralen på Brokke der driftstillatelsen til kommunen av 1992 for dei nye slusene vart omtala.
Eg hart etterlyst å få kopi av denne tillatelsen både av administrasjonen i kommunen og NVE. Både har vist til dei respketive arkiv. NVE fant den ikkje i sitt fjernarkiv i Tønsberg. Kommunens arkivteneste har heller ikkje til no
svart på mi etterlysning av dette løyvet i min mail av 27.5.25. Ein reknar med at denne tillatelse finnest sidan det vert tala om høyringar når den vart gjeven, men det er litt underleg at eit slikt viktig styringsdokument ikkje ligg føre.
Kan me bli orientert om denne driftstillatelsen og vilkåra som vart gjeve?
SVAR:
Grunna seint innkomen førespurnad har det ikkje vore tid til å leite fram gamle avtalar. Men, avtala som ligg ved må reknast for utfyllande for kommunens ansvar for slusene. Åpningsløyve som er gitt, gjeld i perioden 1. mai – 1 september. Det står vidare at OB KEV sin (driftssentral), etter beste evne vil varsle Bygland kommune dersom vannføringa vil overstige 200 m 3/s.
Slik svarer OB i dag (17 juni 2025
Avtalen fra 1998 er kjent hos oss, men oppfølging har vært mer eller mindre avhengig av at vedkommende på vakt har tenkt på varsling til Bygland kommune.
I dag har Brokke driftssentral lagt inn varsel på 200 kubikk på utløp Syrtveit med tekst om varsling til Otra Kraft. Den som mottar melding fra Brokke driftssentral gir beskjed videre til Bygland kommune, teknisk vakttelefon på nr. 970 04 745 og operativ beredskapsleder i ÅEVK.
Ovenstående rutine skal tilsi at Bygland kommune fra nå av automatisk skal varsles ved vannføring over 200 m3. Vi forutsetter at kommunen har rutiner som sikrer at lukene står åpne utover sommersesongen.
I 2025 står slusene åpne gjennom heile året grunna manglande opprustning/vedlikehald. Det vil ikkje bli aktuelt å stenge slusene før slusene er renoverte og stenge/lukke innretningane er i forsvarleg stand.
2. AVTALEN MED REGULANTEN AV 11.9.98.
Denne slår fast at slusene
skal
vere åpne permanent ifrå 2.9.-31.5., men kan lukkast for bruk i perioden 1.6. - 1.9.. I både periodar er det kommunens ansvar å sørge for at slusene vert åpna – i sumarmånadane ved fare for flaum (ved vassføring over 200 m3/sek).
Er det fortsatt brannvesenet sine mannskap som står for beredskapen og opplæring i manøvrering av slusene slik det vært vist til eller er det andre i kommunen no som har dette ansvaret?
SVAR:
Bygland brannvesen vart slegen saman med Setesdal brannvesen i 2005. I seinare år er det det driftsavdeling i Bygland kommune som har hatt tilsynet.
Oppfyller kommunen sin del av denne avtalen 100 %?
Så langt eg veit er svaret JA
I så fall er det vel ikkje rett av Norconsult å legge til grunn at slusene skal vere stengde når kommunen har ansvaret for å halde dei åpne når flaumsituasjonen tilsei det? Dette utgjer 60 cm unødvendig byggehøgde i øvre del av Byglandsfjorden med store kostnader
for mange som vil byggje.
Dette er ein påstand med tall frå 1998. Mykje er endra fram til Norconsult sin rapport i 2022 som er eit konservativt anslag.
3. DET TREDJE LØPET VED STORESTRAUMEN.
Visar til kommunestyrevedtak av 9.2.2022 der kommunen i revisjonen av konsesjonsvilkåra av reguleringa av Otravassdraget, har krevd at det 3. løpet vert opna. Etter at Deknekanalen er teken ut av arealplanen, står bare det opprinnelege 3. løpet att.
Kva er status på revisjonsarbeidet generelt og ligg det 3. løpet fortsatt inn i kravet ovanfor NVE?
SVAR
Det 3. løpet ligg framleis inne, det blei som du seier spelt inn av kommunen i 2022. Når revisjonen er klar er framleis uvisst, det er NVE som sit på dette. Det er antyda at fyrste utkastet kjem ila hausten, deretter er det befaringer, høyringer, og fleire runder før vilkårsrevisjonen på eit tidspunkt vedtakast av kongen i statsråd.