Hopp til hovudinnhaldet

Høyring : Skule- og tilbodsstuktur for vidaregående skule i Agder 2026-2030

01

Kommunedirektøren si Innstilling

Innstilling Behandlet

Følgjande sendes som kommunens høyringssvar til Agder fylkeskommune:

Bygland kommune legg stor vekt på at ungdom i heile Agder skal ha reell tilgang til

vidaregåande opplæring. For distriktskommunane i Setesdal er nærskuleprinsippet

avgjerande. Reisetid og avstand kan vere ei barriere for ungdom, og eit for dårleg tilbod

lokalt kan føre til både fråfall og lågare gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, er ein nøkkelinstitusjon for regionen. Skulen

har stor betydning både for ungdomane sine moglegheiter og for næringslivet i regionen.

Lokalt arbeidsliv etterspør fagarbeidarar innan bygg- og anlegg, transport og logistikk, samt

industri og tekniske fag. Samstundes er det viktig å oppretthalde eit studieførebuande tilbod

slik at ungdom som ønskjer høgare utdanning, kan starte utdanningsløpet sitt lokalt.

Kommunen vil understreke at ei svekking av tilbodsstrukturen ved Setesdal vidaregåande

skule raskt kan få ringverknader for busetjing, rekruttering av arbeidskraft og

samfunnsutviklinga i heile indre Agder.

Viser til konkrete innspel til høyringa i innkallinga

Vedlegg

Les meir expand_more