Førespurnader
Spørsmål frå M. B. Stenjor (Ap)
Forespørsel:
Det er en del kommunale veier som er i relativt dårlig forfatning. Er det laget en oversikt over de kommunale veiene og en prioritering på vedlikehold. Dersom ikke, når kan det forventes en slik oversikt?
Vedlegg
Spørsmål frå Knut William Bygland, Bygland Pensjonistparti
FYRESPURDNAD frå Knut William Bygland TIL KOMANDE KOMMUNESTYRE- DRIFTSTILLATELSE FOR STORSTRAUMEN SLUSEANLEGG.
Visar til tråden under og min fyrespurdna om dette til møtet den 19.6.25 der ein forstod at ein trengte litt meir tid for å finne den fram.
Som kommunestyrerepresentant tillet eg meg å etterspør om denne tillatelsen på nytt. Kommunens administrasjon har ikkje funne den til no meg bekjent, heller ikkje NVE i sitt arkiv og no heller ikkje dei regionale vernemyndigheitane. Vil ennå tru at denne finnest så vonar at ein no har teke seg tid til å finne den i kommunens eigne arkiv.
Då dette er av så allmenn interesse for mange grunneigarar i Sandnes og Aust sokn, ber ein om svar på kva grunnen er at ingen instansar finn denne driftstillatelsen.
Svar på førespurnaden:
Det er særs vanskeleg om ikkje umogeleg for Bygland kommune å svare ut kvifor Otteraaens brugseierforening (OF), NVE og Agder fylkeskommune ikkje finn denne «driftsavtala» i sine arkiv.
Når det gjeld Bygland kommune har det vore søkt i alt av digitale arkiv samt i papirarkiv under avtaler, utan at den er funnen. Bygland kommune er slik sett i godt selskap med dei andre aktørane.
Ein bør og stille spørsmål om det er relevant å bruke mykje tid på å leite etter den gamle driftsavtala så lenge OB og Bygland kommune har ein felles forståelse av kva avtale som gjeld for bruken av slusene ved Storestraumen.
Sjå PS sak 69/25 frå kommunestyret i juni 2025.
I det større biletet visast det til den pågåande vilkårsrevisjonen for heile Otra vassdraget.