Høyring : Skule- og tilbodsstuktur for vidaregående skule i Agder 2026-2030
Innstilling frå levekårsutvalet
Følgjande sendes som kommunens høyringssvar til Agder fylkeskommune:
Bygland kommune legg stor vekt på at ungdom i heile Agder skal ha reell tilgang til vidaregåande opplæring. For distriktskommunane i Setesdal er nærskuleprinsippet avgjerande. Reisetid og avstand kan vere ei barriere for ungdom, og eit for dårleg tilbod lokalt kan føre til både fråfall og lågare gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, er ein nøkkelinstitusjon for regionen. Skulen har stor betydning både for ungdomane sine moglegheiter og for næringslivet i regionen. Lokalt arbeidsliv etterspør fagarbeidarar innan bygg- og anlegg, transport og logistikk, samt industri og tekniske fag. Samstundes er det viktig å oppretthalde eit studieførebuande tilbod slik at ungdom som ønskjer høgare utdanning, kan starte utdanningsløpet sitt lokalt.
Kommunen vil understreke at ei svekking av tilbodsstrukturen ved Setesdal vidaregåande skule raskt kan få ringverknader for busetjing, rekruttering av arbeidskraft og samfunnsutviklinga i heile indre Agder.
Konkrete innspel til høyringa
Region Indre Agder
-Bygland kommune ser med uro på at elevtalet i regionen er stabilt lågt og at mange søkjer seg ut. For å snu denne utviklinga må ein oppretthalde eit breitt og attraktivt tilbod lokalt.
-Det er særleg viktig at breidda i programområda ved Setesdal vidaregåande skule blir oppretthalde.
-Desse tilboda svarar både på ungdomane sine utdanningsønskje og arbeidslivet sitt behov i regionen.
-Kommunen meiner òg at skulen bør utviklast vidare som eit regionalt utdanningssenter, med tilbod til vaksne, desentraliserte studiar og etter- og vidareutdanning.
-Politisk vedtekne midlar til nye verkstader og utvikling av skulebygg må realiserast snarast.
-Skulen sin elevheim bør vurderast oppgradert til dagens standard. Det er ikkje lenger internatdrift på skulen, og elevheimen er å rekne som eit hybel- og leilegheitsbygg. Standarden på dette er ikkje i samsvar med kva ein kan forvente i utleigemarknaden. Elevheimen kan og bør utviklast til eit konkurransefortrinn for skulen. Gitt andre forslag i rapport frå Norconsult, kan elevheimen ved avdeling Hornnes bli det einaste hybeltilbodet Agder fylkeskommune sjølv eig. Fylkeskommunen har òg ein lovfesta plikt til å leggje til rette for bustads moglegheiter for dei som ikkje kan bu heime under vidaregåande opplæring.
-Halve klassar på skulane ute i regionane må vidareførast med auka finansiering, slik praksis har vore tidlegare.
Region Øst, Kristiansand og Vest
Bygland kommune har ikkje særlege merknader til dei konkrete tiltaka i desse regionane, men vil peike på at endringar her heller ikkje må skje på ein måte som gjer at distrikta i fylket blir ytterlegare svekka i konkurransen om attraktive linjer.
Generelle prinsipp
-Tilbodsstrukturen må sikre at ungdom i distrikta har reell tilgang til vidaregåande opplæring utan urimeleg lang reisetid.
-Skule- og linjetilbod må spegle både elevane sine utdanningsønskje og arbeidsmarknaden sine behov.
-Det må leggjast vekt på heilskapleg utvikling i Agder – der òg indre Agder må få høve til å vere ein vekst- og utviklingsregion.
-Attraktive vidaregåande tilbod lokalt har stor betydning for å redusere fråfall og auke gjennomføringa.
Konklusjon
Bygland kommune meiner det er avgjerande for regionen at Setesdal vidaregåande skule opprettheld eit breitt og attraktivt tilbod. Dette er viktig både for ungdomane sine utdanningsmoglegheiter, for arbeidsmarknaden og for samfunnsutviklinga i heile indre Agder.