Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren

I medhald av jordlova §§ 9 og 12 vert det gjeve løyve til omdisponering og deling av 300 kvm

frå gnr. 66, bnr. 1 og 200 kvm frå gnr. 66, bnr. 2 til fylkesvegen 3778.

I medhald av pbl § 19 og 20-1, bokstav m vert det gjeve løyve til dispensasjon og deling i

LNF-føremål i gjeldande kommuneplan til vegareal frå gnr. 66, bnr. 1 på 300 kvm og 200

kvm frå gnr. 66, bnr. 2 til fylkesvegen 3778.

• Grunngjevinga for løyve til dispensasjon er at tiltaket gir samfunnsnytte når føremålet

er å auke trafikktryggleiken.

Ein kan ikkje sjå at tiltaket påverkar naturmangfaldet negativt jf. Naturmangfaldlova sine

bestemmingar.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling frå kommunedirektøren samrøystes vedteke.