Innstilling frå kommunedirektøren
Bygland kommune støttar målsettinga om å betre tilstanden til villreinen i Setesdal Ryfylke
og Setesdal Austhei.
Ein må prioritere tiltak som gir god effekt for villreinen og villreinen sin bruk av leveområda.
Nokre av tiltaka grip sterk inn i grunneigarane si utnytting og bruk av eigedomane som t.d.
forslag om reduksjon av tal på transportar inn til hytter og stølar vinterstid med snøskuter.
Tiltak må bygge på kunnskap og gjennomføring må utformast i dialog med grunneigarar,
brukarar og kommunen i større grad.
Summen av verknadane for rettigheitshavar, grunneigarar og friluftslivet må vurderast nøye.
Ein må sikre ein forhaldsmessig fordeling av tiltaka mellom dei ulike brukarinteressene der
ein i større grad tek omsyn til grunneigarinteresser og fastbuande enn andre interesser som
kjem utanfrå.
For meir utfyllande kommentarar syner ein til sakutgreiinga.
Behandling
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:
Planutvalget tek saka til orientering.
Vedtak
Innstilling frå kommunedirektøren vart sett opp mot Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) sitt forslag
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) sitt forslag vart vedteke med 0 mot 5 stemmer.
Innstilling frå kommunedirektøren
Forslag frå J. K. Hansen (Sp)
Arbeidarpartiet (1/1)
Høgre (2/2)
Senterpartiet (2/2)