Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
09:53 Innstilling frå kommunedirektøren
Bygland kommunestyre vedtek å vidareføre den interkommunale UNESCO-satsinga i
oppvekstsektoren i samarbeid med Valle og Bykle kommunar, Agder fylkeskommune og
Setesdal Spelemannslag.
1. Kommunen forpliktar seg til å:
1. Bidra til vidare finansiering av prosjektet i budsjett og økonomiplan frå og med
2026.
2. Sikre at opplæring i folkemusikk og dans blir integrert i ordinær drift i
barnehage, skule og kulturskule.
3. Oppretthalde Valle kommune si rolle som prosjektleiar og arbeidsgjevar for
interkommunal kulturskulestilling.
4. Styrke samarbeidet med frivillige aktørar og sikre lokal forankring av
UNESCO-statusen.
2. Kommunestyret bed administrasjonen v/kulturarvkoordinatorane i dei tre kommunane om
å utarbeide samarbeidsavtale med partane og legge fram sak om vidare organisering og
budsjett/finansiering i løpet av første tertial 2026.