Førespurnader
Forslag frå M. B. Stenjor (Ap)
Årets vaksiner koster ganske mye. Influensavaksine koster 301,-. Dersom du skal ha både covid, influensa og lungebetennelse vaksiner, så koster dette 471,-
Er dette noe kommunen kan gjøre noe med, slik at kostnaden for den enkelte blir mindre?
May Britt Stenjor AP
Svar frå kommunedirektøren:
Prisane for årets vaksinar følgjer dei rettleiande prisane frå Helsedirektoratet. Bygland kommune har ikkje avsette midlar til å subsidiere desse kostnadene i budsjettet. Vi følgjer praksis i legesamarbeidet med Evje og Hornnes kommune på dette området.
Vedlegg
Spørsmål frå F. H. Borgi (Ap)
Jeg sendte forespørsel i fjor rundt hvordan det lå an med digitaliseringsstrategi og prioritering i Bygland kommune. Fikk svar på den tid at det var ikke noe en hadde sett behovet for i og med at en var med i IKT Agder.
Dette mener jeg er en misoppfattelse rundt hva IKT Agder skal levere og hjelpe kommunene med, kommunen selv er nødt til å "eie" sin egen strategi rundt digitalisering og digital transformering, og hvilke områder en ser at kommunen er tjent med å satse på og prioritere. Det er bra å se at Bygland har avsatt ressurser til fellesanskaffelsen på nytt EPJ-system for Agder med å "kjøpe ut" Hilde Cecilie Aagren til dette, men er det noen større strategisk beslutning med å fokusere på helseteknologi og prosessendringer i helsesektoren der eller har en andre tanker om hvordan en bør koble kommunen på IKT Agder og det større løpet som skjer der med utvikling av virksomhetsstyring og KS sine løp på digitaliseringsområdet?
Svar frå kommunedirektøren:
Bygland kommune har førebels ikkje utarbeidd ein eigen digitaliseringsstrategi. Dette skuldast i hovudsak avgrensa ressursar og kapasitet i organisasjonen. Vi er samstundes klar over at IKT Agder ikkje har dette som sitt formål, men skal vere ein leverandør av tenester for kommunen. Kommunen prioriterer difor deltaking i regionale samarbeid der vi får tilgang til fellesløysingar og kompetanse.
Det kan vere aktuelt å sjå arbeidet med digitalisering i samanheng med den nye kommunalsjefen for organisasjon og HR. Vi søkjer òg samarbeid med andre kommunar med felles interesser.
Erfaringa vår er at gevinstane av digitalisering ofte vert små i omfang, då frigjort tid gjerne utgjer mindre delar av stillingar. Vi vil likevel vurdere behovet for ei meir målretta satsing, til dømes ved å setje eigne midlar eller ressursar inn på fagområdet dersom det vert vurdert som føremålstenleg i kommande år.