Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

12:26 Innstilling frå formannskapet

Bygland kommunestyre vedtek å vidareføre den interkommunale UNESCO-satsinga i oppvekstsektoren i samarbeid med Valle og Bykle kommunar, Agder fylkeskommune og Setesdal Spelemannslag.

1. Kommunen forpliktar seg til å:

1.Bidra til vidare finansiering av prosjektet i budsjett og økonomiplan frå og med 2026.

2.Sikre at opplæring i folkemusikk og dans blir integrert i ordinær drift i barnehage, skule og kulturskule.

3.Oppretthalde Valle kommune si rolle som prosjektleiar og arbeidsgjevar for interkommunal kulturskulestilling.

4.Styrke samarbeidet med frivillige aktørar og sikre lokal forankring av UNESCO-statusen.

2. Kommunestyret bed administrasjonen v/kulturarvkoordinatorane i dei tre kommunane om å utarbeide samarbeidsavtale med partane og legge fram sak om vidare organisering og budsjett/finansiering i løpet av første tertial 2026.

Vedteke

FOR

15
Tor Kasin Senterpartiet Vigdis Beisland Senterpartiet Emil Simonstad Knutsen Senterpartiet Jørund Kvaale Hansen Senterpartiet Ivar Harry Dahl Pensjonistpartiet Knut Vatsend Høgre Olaf Håkon Tørresen Høgre Kai Larsen Høgre Aslaug Simonstad Sitje Høgre Anne Eikerapen Høgre Ingar Ståle Håvi Lindsetmo Høgre Anne Løyland Arbeidarpartiet Runar Flåt Granheim Arbeidarpartiet May Britt Stenjor Arbeidarpartiet Finn Håkon Borgi Arbeidarpartiet

MOT

0