Vidareføring av interkommunalt UNESCO-samarbeid i oppvekst
Innstilling frå formannskapet
Bygland kommunestyre vedtek å vidareføre den interkommunale UNESCO-satsinga i oppvekstsektoren i samarbeid med Valle og Bykle kommunar, Agder fylkeskommune og Setesdal Spelemannslag.
1. Kommunen forpliktar seg til å:
1.Bidra til vidare finansiering av prosjektet i budsjett og økonomiplan frå og med 2026.
2.Sikre at opplæring i folkemusikk og dans blir integrert i ordinær drift i barnehage, skule og kulturskule.
3.Oppretthalde Valle kommune si rolle som prosjektleiar og arbeidsgjevar for interkommunal kulturskulestilling.
4.Styrke samarbeidet med frivillige aktørar og sikre lokal forankring av UNESCO-statusen.
2. Kommunestyret bed administrasjonen v/kulturarvkoordinatorane i dei tre kommunane om å utarbeide samarbeidsavtale med partane og legge fram sak om vidare organisering og budsjett/finansiering i løpet av første tertial 2026.