Tiltaksplanar etter kvalitetsnormen for villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde - Høyringsuttale i frå Bygland kommune
Forslag frå R. F. Granheim (Ap)
Jørund Kvaale Hansen ber kommunestyret vurdere om han er gild, sidan han er grunneigar.
Kommunestyret vedtek at han er gild.
Vedlegg
Endringsforslag frå J. K. Hansen (Sp og Ap)
Bygland kommune støttar målsettinga om å betre tilstanden til villreinen i Setesdal Ryfylke
og Setesdal Austhei.
Ein må prioritere tiltak som gir god effekt for villreinen og villreinen sin bruk av leveområda.
Nokre av tiltaka grip sterk inn i grunneigarane si utnytting og bruk av eigedomane som t.d.
forslag om reduksjon av tal på transportar inn til hytter og stølar vinterstid med snøskuter.
Tiltak må bygge på både fagleg og lokal kunnskap og gjennomføring må utformast i dialog med grunneigarar, brukarar og kommunen i større grad.
Summen av verknadane for rettigheitshavar, grunneigarar og friluftslivet må vurderast nøye.
Ein må sikre ein forhaldsmessig fordeling av tiltaka mellom dei ulike brukarinteressene der
ein i større grad tek omsyn til grunneigarinteresser og fastbuande enn andre interesser som
kjem utanfrå.
Tiltaksplanen innfører ein del nye begrep som eksempelvis villreinfjellet. Dette er omhandler områder som ikkje er konkretisert i kart, og gjer det umogleg for oss å vite kva det eigentleg er vi svarer på i denne høyringa. Det er avgjerande at Regional plan for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (heieplanen) ligg til grunn for kva område som skal befattast av tiltaksplanen. Det vart gjort eit svært omfattande arbeid basert på fagleg og lokal kunnskap då grensene for heieplanen vart teikna. Den er implementert i arealplanene, og det er viktig at avgrensinger og muligheter i heieplanen ligg til grunn for å skape forutsigbarhet for kommune og innbyggarar. Heieplanen kan eventuelt reviderast i enkeltvise område der det skulle føreligge ny oppdatert kunnskap.
Bygland kommune er sterkt kritisk til styrka innsigelsesrett til Statsforvalter, også i områder som ikkje er omfatta av heieplanen, eksempelvis bygdeutviklingsoner. Dette vil føre til ei arealforvaltning utan lokal kunnskap, og vil svekke tilliten til forvaltninga av villrein med dei negative konsekvensane det fører med seg. Her viser vi til Telemarkforsknings rapport «Balancing biosecurity and local stewardship: Wildlife disease management in rural Norway.
Det vil også føre til ei skeivfordeling I byrden, då tiltak for eksempelvis DNT, Statskog og liknande vil vere ført av eit frivillighetsprinsipp, medan lokalsamfunna vil bli underlagt tvang gjennom innsigelser frå Statsforvalter.
Ein bør difor, før ein set i gong tiltak, i samråd med alle aktørar sete opp ein plan med forpliktande rekkefølge på kven som skal gjere kva, og i kva rekkefølge. Dette for å sikre byrden blir fordelt på alle aktørar.
Det er avgjerande at tiltak som skal gjennomførast er retta mot faktorane i kvalitetsnormen som hindrer bestanden å nå grøn status. Bygland kommune stiller spørsmål ved å forvalte utifrå ein kvalitetsnorm som er lik for alle villreinområda, då ulike område har ulike naturlege forutsetninger. Eksempelvis er lavbeitet i Setesdal Austhei ein delnorm som hindrer bestanden frå å oppnå grøn status. Når premissane for delnormen er sett likt mellom eksempelvis Setesdal Austhei og Rondane, ser det ut til å vere umogleg å oppnå grøn status for Vilreinstamma i Setesdal Austhei ettersom det frå naturens side ikkje er det same lavbeite som andre stader i landet. Ytterste konsekvens er at ein ender opp med å sette inn tiltak etter tiltak for å nå eit mål som er umogleg å oppnå.
Tiltak som omhandler den direkte forvaltninga av viltbestander må ligge til grunn, eksempelvis ved å begrense avskytinga av bukk for å få opp andelen stor bukk i Setesdal Vesthei, forvalte jervebestanden etter målsetning i rovviltforliket for å auke antal kalv pr simle, meir restriktiv jaktutøvelse i Statskog m.m.
Når det gjeld DNTs løypenett i Bygland kommune, peiker vi på omlegging av merka løype mellom Gaukhei-Håheller. Vi støtter forslag om å fjerne Øyuvsbu. Skulle ikkje det skje, bør løype mellom Gaukhei-Øyuvsbu fjernast, og løypa nordover frå Tjønndalen leggast om eller fjernast.
For meir utfyllande kommentarer syner ein til sakutgreiinga.
Vedlegg
Forslag frå R. F. Granheim (Ap)
Ivar Harry Dahl ber kommunestyret vurdere om han er gild.
Kommunestyret vedtek at Dahl er ugild.