Søknad om mellombels dispensasjon frå reguleringsplan for bubiloppstilling på gnr. 69, bnr. 316 på Byglandsfjord
Innstilling frå kommunedirektøren
1) I medhald av plan- og bygningsloven §§ 19-2 og 19-3 blir det gjeve mellombels
dispensasjon frå arealføremål og føresegner i regulerings plan for Årdal Bustadfelt for
etablering av 17 plassar til bubilparkering på gnr. 69, bnr. 316 som omsøkt på
følgande vilkår:
a. Dispensasjon gjeld i inntil 5 år frå vedtaksdato.
b. Det bør oppretthaldast eit vegetasjonsbelte som buffer mot Stasjonsområdet.
c. Det kan ikkje etablerast tømmestasjon for bubilar på området. Kart med
informasjon om næraste tømmestasjon må vere oppslått og godt synleg på
området både på norsk, engelsk og tysk.
d. Vannpostar må utformast på ein hygienisk tilfredsstillande måte.
e. Avfallsdunkar må vere godt merka og det må bli organisert tømming av
avfallsdunkar på oppstillingsplassen. Avfall frå plassen er reikna som
næringsavfall og det må bli inngått avtale med SMG i høve levering/henting
f. Avstandskrav mellom bubilane må av omsyn til brann må vere i samsvar med
TEK 17.
2) Dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje vert sett i gong innan 3 år, det same gjeld
dersom tiltaket stoppar opp i lengre tid enn 2 år, fristen kan ikkje forlengast, jfr. Planog
bygningsloven § 21-9.
3) Ein kan ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova, eller fører til
negative konsekvensar for økosystem eller miljøet jfr §§ 8-12, jfr §7.
Kommunedirektøren finn ikkje at denne søknaden om dispensasjon setter føremålet med pbl
eller reguleringsplan for Årdal Bustadfelt vesentleg til side. Etter ei samla vurdering, kjem ein
til at fordelane med å gi mellombels dispensasjon for inntil 5 år er større enn ulempene.
Opparbeiding til bubilparkering vil ikkje gjere det vanskelegare å gjennomføre reguleringsplanen seinare slik den er vedteken. Opparbeidinga medfører heller ikkje eit stort
irreversibelt tiltak som vil gjere det vanskelegare å evt. endre planen seinare.