Hopp til hovudinnhaldet

Budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026-2029

01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

FRAMLEGG TIL INNSTILLING – BUDSJETT 2026

Framlegg til årsbudsjett for Bygland kommune for 2026, med tilhøyrande føresetnader, blir fastsett som Bygland kommune sitt årsbudsjett for 2026.

Skattesatsar/marginavsetning

Skatten for 2026 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. For eigedomsskatteåret 2026 skal det skrivast ut eigedomsskatt på kraftverk og kraftnett jf. eigedomsskattelova § 3 1. ledd bokstav c.

Kommunale avgifter og betalingssatsar

Bygland kommune legg opp til 100 % dekningsgrad på kommunale avgifter, med unntak av årsavgift påavløp og vatn. For 2026 blir det følgjande endringar av kommunale avgifter og betalingssatsar:

• Årsavgift for vatn – fastgebyr blir auka med 8,4 %

• Årsavgift for vatn – forbruksgebyr blir auka med 12,9 %

• Årsavgift for avløp – fastgebyr blir auka med 9,2 %

• Årsavgift for avløp – forbruksgebyr blir auka med 13,1 %

• Tilkoplingsavgift for vatn blir ikkje endra

• Tilkoplingsavgift for avløp blir ikkje endra

• Slamtømmeavgift (ordinær tømming) blir ikkje endra

• Andre slamtømmeavgifter sjå prislista

• Renovasjonsavgift hus blir auka med 12,8 %

• Renovasjonsavgift hytte blir auka med 12,8 %

• Feieavgift blir ikkje endra

Merk at prosentauka i vass- og avløpsgebyra ovanfor er ekskl. mva., som vil seie at årseffekten av auka i realiteten er noko mindre, sidan det var 25 % mva. på vatn, avløp og slam i første halvår 2025, og 15 % i andre halvår av 2025, medan i 2026 er det 15 % mva. for heile året.

Viss ein inkluderer mva., vil dette seie ei årleg auke på 7,26 % frå 2025 til 2026 for ein bustad på 150 kvadratmeter, som betalar vass- og avløpsforbruk etter areal. Dette tilsvarar ei auke på totalt 1634 kr gjennom heile året.

Låneopptak

Det blir lagt opp til eit finansieringsbehov ved lån/ubrukte lånemidlar til investering på 11,20 millionar i

2026. Før ein tek opp nytt lån, blir ubrukte lånemidlar frå året før nytta. Opptak av startlån er budsjettert

med inntil 30 mill., for å ha fleksibilitet til å ta opp lån viss behovet melder seg.

Andre forhold

1. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele løyving til følgjande føremål ut på den einskilde

resultateining:

• Løyving til lønsauke og auka pensjonsutgifter.

• Løyving til opplærings- og utviklingstiltak samt velferdsmidlar.

2. Kommunedirektøren får fullmakt til naudsynte tiltak for å gjennomføre vedtaket om minsteavdrag.

3. Kommunedirektøren får fullmakt til å bruke av, og avsette midlar til einingsfond.

4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre strykningar dersom driftsrekneskapet vert

gjort opp med underskot.

5. Kommunedirektøren får fullmakt til å prioritere finansiering av investeringsrekneskap innanfor budsjett.

6. Bruk av ordinært disposisjonsfond er budsjettert med kr 4.400.000. Bruk av, og avsetning til,

andre disposisjonsfond er fordelt som følger:

År 2026

Avsetning til flyktningefond 3 717 000

Avsetning til ordinært disposisjonsfond 0

Sum avsetning til disposisjonsfond 3 717 000

Bruk av flyktningefond oppvekst -922 000

Bruk av pensjonsfond til nettoutgift frå premieavvik -570 000

Bruk av ordinært disposisjonsfond -4 400 000

Sum bruk av disposisjonsfond -5 892 000

Merk at avsetninga til flyktningefondet bidreg til å «pynte» på netto driftsresultat med tilsvarande sum.

Generelt

Kommunestyret vil presisere at budsjettet er bindande. For det einskilde budsjettområde gjeld reglane

om delegert budsjettmynde innanfor netto driftsramme. Utover dette viser ein til kommunen sitt

økonomireglement.

I budsjettet er det teke atterhald om storleiken på auken i utgiftene til IKS og A/S der kommunen er deltakar. Dette skal samordnast på rådmannsnivå og i Setesdal interkommunalt politiske råd (SIPR) før endeleg løyving vert fastsett. Budsjettert overføring til SIPR er under føresetnad at alle deltakarkommunane er samde om deltakarstøtta.

FRAMLEGG TIL INNSTILLING – ØKONOMI- OG HANDLINGSPLAN 2026-2029

1. Økonomi- og handlingsplan for perioden 2026-2029 blir vedtatt i samsvar med kommunedirektøren

sitt framlegg.

2. Driftsrammer og investeringsrammer i økonomiplanen for perioden 2026-2029 vert lagt til

grunn for planlegginga av den kommunale drifta.

3. Bruk av, og avsetning til, ordinært disposisjonsfond og andre disposisjonsfond, er som følger

i perioden 2026-2029:

År 2026 2027 2028 2029

Avsetning til flyktningefond 3 717 000 1 637 000 0 0

Avsetning til ordinært disposisjonsfond 0 0 3 967 000 7 641 000

Sum avsetning til disposisjonsfond 3 717 000 1 637 000 3 967 000 7 641 000

Bruk av flyktningefond -922 000 -922 000 -1 098 000 -1 422 000

Bruk av pensjonsfond til nettoutgift frå premieavvik

-570 000 -570 000 -570 000 -570 000

Bruk av ordinært disposisjonsfond -4 400 000 -49 000 0 0

Sum bruk av disposisjonsfond -5 892 000 -1 541 000 -1 668 000 -1 992 000

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå Sp og Ap

Forslag Presentert av: Jørund Kvaale Hansen På vegner av Senterpartiet, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Arbeidarpartiet Behandlet

Verbalforslag vegvedlikehald.

  1. Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram ei sak som gjev ei samla og oppdatert oversikt over:

a) alle kommunale vegar og eventuelt andre vegar der kommunen har vedlikehaldsansvar,

b) tilstandsgrad, vedlikehaldsetterslep og eventuelle årlege drifts-/vedlikehaldskostnader per vegstrekning,

c) eventuelle juridiske og praktiske avklaringar knytte til ansvar/eigarskap.

2. Saka skal inkludere ei vurdering av kva for private vegar ein kan avslutte kommunalt vedlikehald av, samt kva kommunale vegar som kan vere føremålstenlege å omklassifisere/overføre til privat veg, utifrå:

a) kriterium for vurdering (trafikkmengd, funksjon, tilkomst, tryggleik, beredskap, skuleveg, kollektiv),

b) økonomiske, juridiske og samfunnsmessige konsekvensar for kommunen og råka innbyggjarar,

c) naudsynt prosess, medverknad og eventuell kompensasjons-/overgangsordning.

3. Saka blir beden fremja for kommunestyret innan neste års budsjettbehandling

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Forslag frå Sp og Ap

Forslag På vegner av Senterpartiet og Arbeidarpartiet Behandlet

Verbalforslag – oversikt over kommunale bygg, vedlikehaldsetterslep og avhendingsmoglegheiter

  1. Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram ei sak som gir ei samla og oppdatert oversikt over:

a) alle kommunale bygg med eigarforhold, formål/bruk og areal.

b) teknisk tilstand (tilstandsgrad), estimert vedlikehaldsetterslep/ innvesteringsbehov.

c.) Saka skal inkludere ei vurdering av avhending/utfasing av bygg.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Forslag frå Sp og Ap

Forslag Presentert av: Jørund Kvaale Hansen På vegner av Senterpartiet, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Arbeidarpartiet Behandlet

Verbalforslag- vinterbrøyting.

Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram ei sak om revidering av brøyteavgift til husstandar for private veger som kommunen har teke på seg ansvar for vinterbrøyting og strøing.

Dette med sikte på å innføre eit sjølvkostprinsipp.

Vedlegg

Les meir expand_more