Budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026-2029
Forslag frå Ap og Sp
Kommunestyret ber kommunedirektøren greie ut moglegheita for å etablere meirope og sjølvbetjent bibliotek på Bygland og meirope ungdomsklubb-lokalar på Bygland og Byglandsfjord i 2026.
Utgreiinga skal omfatte økonomiske og driftsmessige konsekvensar, behov for bemanning, tryggleiksløysingar, erfaringar frå andre kommunar og eventuelle krav til lokale og tekniske løysinger. Det er føresetnad at medverknadsorgana blir involvert i saka.
Kommunestyret gjer merksam på at det er viktig å tenke på meirope lokalar også på Byglandsfjord med tanke på ungdom.
Saka skal leggjast fram for politisk behandling innan sommar 2026.
Vedlegg
Forslag frå M. B. Stenjor (Ap)
Bygland kommune utbetrar Austad kyrkje slik at kyrkja kan halde åpent, med ei investeringsramme på maksimalt kr 350.000,- pluss mva, Dette finasnsierast ved auka låneopptak.
Kommunedirektøren skal vurdere kva som er absolutt naudsynt i høve denne istandsettinga, mtp brannvarsling o.l som kan føre til auka driftskostnader.
Arbeidet med utbedringa kan ikkje skje før avtalen mellom Bygland og Årdal Kyrkelege Fellesråd (Fellesrådet) er oppdatert og vedteke av kommunestyret, og ikkje før Fellesrådet sjølv har vedteke at dei er i stand til å ta ansvar for drift og vedlikehald av Austad kyrkje som følge av investeringa.
Vedlegg
Forslag frå Ap
Kommunestyret ber kommunedirektøren utarbeide ein heilskapleg boligsosial plan for politisk handsaming innan utgangen av 2026.
Planen skal byggje på oppdatert behovskartlegging, vurdere butilbod, forvaltning av kommunale bustader og samhandling med private aktørar, samt foreslå langsiktige strategiar for kommunens framtidige boligsosiale utfordringar.
Planen skal sikre harmonisering av leigeprisar med marknadspris utan konkurransevriding, og samstundes ivareta bustadsosiale omsyn slik at utsette grupper får tilgang til eigna og økonomisk overkommelege bustader.
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren
FRAMLEGG TIL INNSTILLING – BUDSJETT 2026
Framlegg til årsbudsjett for Bygland kommune for 2026, med tilhøyrande føresetnader, blir fastsett som
Bygland kommune sitt årsbudsjett for 2026.
Skattesatsar/marginavsetning
Skatten for 2026 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.
For eigedomsskatteåret 2026 skal det skrivast ut eigedomsskatt på kraftverk og kraftnett jf.
eigedomsskattelova § 3 1. ledd bokstav c.
Kommunale avgifter og betalingssatsar
Bygland kommune legg opp til 100 % dekningsgrad på kommunale avgifter, med unntak av årsavgift på
avløp og vatn. For 2026 blir det følgjande endringar av kommunale avgifter og betalingssatsar:
• Årsavgift for vatn – fastgebyr blir auka med 8,4 %
• Årsavgift for vatn – forbruksgebyr blir auka med 12,9 %
• Årsavgift for avløp – fastgebyr blir auka med 9,2 %
• Årsavgift for avløp – forbruksgebyr blir auka med 13,1 %
• Tilkoplingsavgift for vatn blir ikkje endra
• Tilkoplingsavgift for avløp blir ikkje endra
• Slamtømmeavgift (ordinær tømming) blir ikkje endra
• Andre slamtømmeavgifter sjå prislista
• Renovasjonsavgift hus blir auka med 12,8 %
• Renovasjonsavgift hytte blir auka med 12,8 %
• Feieavgift blir ikkje endra
Merk at prosentauka i vass- og avløpsgebyra ovanfor er ekskl. mva., som vil seie at årseffekten av auka i realiteten er noko mindre, sidan det var 25 % mva. på vatn, avløp og slam i første halvår 2025, og 15 % i andre halvår av 2025, medan i 2026 er det 15 % mva. for heile året. Viss ein inkluderer mva., vil dette seie ei årleg auke på 7,26 % frå 2025 til 2026 for ein bustad på 150 kvadratmeter, som betalar vass- og avløpsforbruk etter areal. Dette tilsvarar ei auke på totalt 1634 kr gjennom heile året.
Låneopptak
Det blir lagt opp til eit finansieringsbehov ved lån/ubrukte lånemidlar til investering på 11,20 millionar i
2026. Før ein tek opp nytt lån, blir ubrukte lånemidlar frå året før nytta. Opptak av startlån er budsjettert
med inntil 30 mill., for å ha fleksibilitet til å ta opp lån viss behovet melder seg.
Andre forhold
1. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele løyving til følgjande føremål ut på den einskilde
resultateining:
• Løyving til lønsauke og auka pensjonsutgifter.
• Løyving til opplærings- og utviklingstiltak samt velferdsmidlar.
2. Kommunedirektøren får fullmakt til naudsynte tiltak for å gjennomføre vedtaket om minsteavdrag.
3. Kommunedirektøren får fullmakt til å bruke av, og avsette midlar til einingsfond.
4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre strykningar dersom driftsrekneskapet vert
gjort opp med underskot.
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å prioritere finansiering av investeringsrekneskap innanfor
budsjett.
6. Bruk av ordinært disposisjonsfond er budsjettert med kr 4.400.000. Bruk av, og avsetning til,
andre disposisjonsfond er fordelt som følger:
Merk at avsetninga til flyktningefondet bidreg til å «pynte» på netto driftsresultat med tilsvarande sum.
Generelt
Kommunestyret vil presisere at budsjettet er bindande. For det einskilde budsjettområde gjeld reglane om delegert budsjettmynde innanfor netto driftsramme. Utover dette viser ein til kommunen sitt økonomireglement.
I budsjettet er det teke atterhald om storleiken på auken i utgiftene til IKS og A/S der kommunen er deltakar. Dette skal samordnast på rådmannsnivå og i Setesdal interkommunalt politiske råd (SIPR) før endeleg løyving vert fastsett. Budsjettert overføring til SIPR er under føresetnad at alle deltakarkommunane er samde om deltakarstøtta.
FRAMLEGG TIL INNSTILLING – ØKONOMI- OG HANDLINGSPLAN 2026-2029
1. Økonomi- og handlingsplan for perioden 2026-2029 blir vedtatt i samsvar med kommunedirektøren sitt framlegg.
2. Driftsrammer og investeringsrammer i økonomiplanen for perioden 2026-2029 vert lagt til
grunn for planlegginga av den kommunale drifta.
3. Bruk av, og avsetning til, ordinært disposisjonsfond og andre disposisjonsfond, er som følger i perioden 2026-2029: