Hopp til hovudinnhaldet

Orienteringssaker

01

Forslag frå R. F. Granheim (Ap)

Forslag Behandlet

Orientering frå ordførar

Nasjonal Turistveg

Videre arbeid i det politiske. Har kome krav fra Statens Vegvesen om stor oppgradering av rasteplassene langs riksvegen. Vi er ueinige i dette, vi har flotte rasteplasser, ikkje minst dei ei felles utforming på ein måte som får fram byggeskikk. Det handler frå politisk side egentlig bare om få opp skiltene.

Heilt konkret så jobber vi uansett vidare for å auke stoppattraktiviten langs Rv9, vi har til dømes Fånefjell, der Vegmuseumet er eiga, vidare har vi Storetraumen, der vi nå ser at faktisk eigar er Statens Vegvesen, og så har vi Reiersfossen som blir trekt fram som ein flott attraksjon som bør løftast. Ikkje minst handlar det om trafikksikkerhet,- der vi om sommeren ofte ser turister som vimser rundt i vegbanen for å komme i posisjon for å ta flotte bilder. Eg opplever at vi står godt samla i regionen for utvikle riksveg 9 som ein turistveg.

Frå møte i Setesdal Regionråd

Kommunedirektørane sitt, NIVI rapport om interkommunale samarbeid

Det blir jobba med NIVI-rapporten, - og vil kome saker til alle kommunestyra på nyåret. Sak som etter det eg forstår peiker på konkret på kva ein skal gå vidare med, med tanke på oggåver og fagområde.

Eigarstyring

Minst ein gong i perioden skal kommunen utarbeide ein eigarskapsmelding, ei stor og vikitg sak som vi enda ikkje har fått handsama. Ei sak som heng saman med dette vart vedteke i SIPR nå i desember, Prinsipp for samordning og eigarstyring i region Setesdal. Kort fortal tgjeng det på å utarbeide noen grunnleggande føringer for korleis dei ulike IKS og selskap vi driv saman som omhandler regnskapsrapportering, meldinger og informasjonsdeling, deling av referat og protokollar og så vidare. Eg antek at vi får denne saka til kommunestyret også på nyåret. Når det er mange ulike selskap med ulik praksis er det fort gjort å miste oversikta. Så det er viktig å få på plass noen felles retningslinjer som vil gjelde alle saman.

Elles så har vi ei sak knytta til samarbeidsavtalen med Setesdal Regionråd i møtet i dag.

Siste møte i 2025

Elles så er dette det siste møtet vi har i 2025, og eg vil nytte høvet til å takke dykk alle saman for innsatsen i år, og særleg rette ein takk til administrasjonen for innsatsen i eit år som har vore prega av utskifting av ein del ledere, ikkje minst ny kommunedirektør.

Det viktigaste, nemleg å ta vare på innbyggarane våre i oppvekstsektor og i helse trur eg eg me kan seie oss trygge på at blitt utført på ein god og trygg måte.

Vedlegg

Les meir expand_more