Orienterings- og drøftingssaker
Forslag frå R. F. Granheim (Ap)
Orientering frå ordførar
Arbeidsmøte i Krypsivfondet
Statsforvalter vil trekke ut den administrative ressursen knytta til sekretærfunksjonen, og i den forbindelse blei Bygland kommune utfordra på om me ville ta den jobben. Vi takka nei til dette av to årsaker:
Etter utsjekk med kommunedirektør klart at vi ikkje ha administrativeressurser til den oppgåva den neste tida.
Den andre årsaka er at vi meiner at vi må vente til vilkårsrevisjonen ligg føre. Ein forventer at revisjonen vil kome med tydelige punkt om korleis krypsiv skal håndteres. Eg meiner at regulanten må få eit tydelegare og større ansvar for å håndtere dette.
Vilkårsrevisjonen handlar sjølvsagt også om mange andre tema også, som vannstand i Byglandsfjorden, forholda for bleka, friluftsliv, bading og bruk, terskler og så vidare.
NVE signaliserer at dei har eit mål om at vedtaket skal komme i år.
Også verdt å merke seg at det er NVE som har vedtaksmyndighet, og at energidepartementet er ankeinstans.
Tine Meieriet på Byglandsjord
Mandag 26.01 var det møte på meieriet på Byglandsfjord, der alle ordførarane i Setesdalsregionen møtte, samt Gyro Heia og representant for melkebøndene som eig Tine, samt leiarar i Tine. I tillegg var journalist frå Fvn med.
Poenget var å få fram kor viktig denne bedrifta er for oss i Bygland kommune, med ein unik produksjon av f.eks smør som bare skjer her hos oss. Det er 10 ansatte der i dag, og bakteppet er prosessen som er i gang i Tine der dei ser på moglegheiter for å effektivisere produksjonen. Meieriet på B.fjord har rekordlågt sjukefråver f.eks., som viser dedikerte ansatte og einsvært stabil drift i mange år. Det er viktig å markere kor vikitg denne bedrifta er for oss.
Agder Europakontor
Tur i regi av Agder Europakontor til Brussel på eit lynkurs om EU/Eøs. Det er viktig for oss å forstå EØS-samarbeidet, og det kan ligge ein heil del moglegheiter innafor EØS-samarbeidet for kommuner og regioner, men ikkje minst for næringslivet. Eg tek difor initiativ i forhold til Bygg Bygland om å få til noko kursing og møter med Agder Europakontor, då fyrst og fremst med tanke på næringsliv og bedrifter i Setesdal, ikkje berre for Bygland.
Pr nå er det Arendal, Grimstad, kristiansand og Agder Fylkeskommune, UIA og Norce. Vi har tilgang gjennom Agder Fylkeskommune. Om vi skal vere betalande medlem, bør vere eit regionalt spørsmål.
Unescoarbeidet og statsbudsjettet
Det er eit konkret mål å få arbeidet med den immaterielle kulturarven,- Unesco, inn som fast post på statsbudsjettet. Arbeidet med kulturskule, arbeidet med å få på plass eit Unesco-senter og for å sikre eit langvarig arbeid med dette, treng statstøtte. Det jobbar vi vi med Regionrådet, og i Kulturarvrådet.
Endringer i SIPR
Det er ein tilsettingsprosess i Regionrådet. Der er det styreleiar og nestleiar som har fyrstegongsintervju og fyrstesortering. Heile styret skal vere med på 2.gongs intervju.
Bygg Bygland
Gyro vil kome til kommunestyret, der er planen at Bygg Bygland skal vere ein fast post på møtene. Det er veldig viktig at kommunestyret er godt påkobla.
Fyrste styremøte i Bygg Bygland er fredag 6.02.