Habilitet - Jørund Kvaale Hansen - Sak PS 41/26
Årsak til habilitet: Eg meiner eg er ugild, ettersom eg har drive jorda på denne garden, men mister den ved eigedomsoverdragelse då ny eigar ynskjer å drive jorda sjølv. Det vil gi meg økonomiske fordeler å avslå konsesjonsøknaden.
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren
Basert på regelverk og reelle grunnar for å gi søkjarane utsetjing av buplikta meiner kommunedirektøren difor at utsetjing kan givast.
Det vert sett som vilkår at søkjarane buset seg på bruket innan 01.06.2031 og bur der i 5 år samanhengande, jf. konsesjonslova § 11.
Det vert vidare sett som vilkår at søkjarane buset seg på bruket innan eitt år, og bur der i 5 år samanhengande, rekna frå den datoen eigedomen ikkje lenger vert nytta som heilårsbustad i perioden fram til 01.06.2031, jf. konsesjonslova § 11.
Vedlegg
Forslag frå Ap og H
Bygland kommune gir fritak fra buplikt på fylgjande vilkår: