Innstilling frå kommunedirektøren
1) Så lenge avfall frå tiltaket blir levert på godkjent deponi, kan ein ikkje sjå at tiltaket bryt med prinsippa i Naturmangfaldlova §§ 8-12, jfr. § 7 eller fører til negative konsekvensar for økosystem eller miljø.
2) I medhald av Jordlova § 9 og § 12 blir det gjeve samtykke til omdisponering og frådeling av inntil 2 da til bustadtomt frå gnr. 14, bnr. 6 på vilkår av at gnr. 14, bnr. 20 blir samanføyd med gnr.14, bnr. 6 før frådeling av omsøkte tomt.
3) I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå kommuneplanens arealføremål LNF-område og plankrav for frådeling av ny bustadtomt og oppføring av ny bustad som omsøkt. Ein kan ikkje starte frådeling eller byggearbeid før klagefristen på dette vedtaket er ute.
Grunngjeving for å gi dispensasjon er at tiltaket ikkje setter formålet med plan og lov vesentlig til side fordi det har vore hus på staden frå før, ny tomt er liten og nyttar eksisterande privat veg i tillegg er tiltaket er tilpassa tomta og omgivnadane på ein god måte. Fordelane med å gi dispensasjon er større enn ulempene fordi tiltaket bidreg til å oppretthalde og styrke busetting på Austad og i Bygland kommune.
4) I medhald av plan- og bygningsloven § 20-1 bokstav m) blir det gjeve løyve til frådeling av ei bustadtomt på inntil 2 da som omsøkt på følgande vilkår:
a. Gnr. 14, bnr. 20 må samaføyast med gnr. 14, bnr. 20 før ein kan opprette ny tomt
b. Ny tomt må ha tinglyst rett å ha og vedlikehalde avkøyrsel og felles veg på gnr. 14, bnr. 6 frå fylkesvegen og fram til tomta.
5) I medhald av Plan- og bygningsloven § 20-2 andre ledd, bokstav a) jfr §§ 20-3 og 20-1 bokstav a) blir det gjeve rammeløyve for oppføring av ny bustad med garasje som omsøkt. Kommunedirektøren får fullmakt til å gi byggeløyve på «vanlege vilkår» dersom det ikkje kjem klage på dette vedtake.