01
Innstilling frå kommunedirektøren
Innstilling
Behandlet
I medhald av plan- og bygningsloven § 19-2 blir det ikkje gjeve dispensasjon frå kommuneplanens plankrav for dette tiltaket.
Grunngjeving er at plankrav er sett i nyleg vedteken arealplan og med bakgrunn i ein grundig prosess som har munna ut i eit plankrav. Bakgrunn for plankrav er for å sjå området under eitt og skape ein transformasjon i området.
I denne saka er det ikkje grunnlag for å gi dispensasjon fordi ein dispensasjon frå plankravet i ein nyleg vedteken kommuneplan vil sette føremålet med plankravet vesentlig til side. Eventuelle fordelar av ein dispensasjon vil berre gagne eigar av Nutensgate 15 og vil samstundes bidra til at samarbeid om planarbeidet vil bli vanskelegare.
Vedlegg
Les meir
expand_more