Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

Kommunedirektøren innstiller positivt til ei mellombels samlokalisering av 7. klasse ved Bygland skule for skuleåret 2026–2027. Vurderinga er basert på omsynet til elevane sitt beste, med mål om å sikre eit meir robust fagleg og sosialt læringsmiljø i ein situasjon med svært små elevkull. Samlokaliseringa blir vurdert som formålstenleg sett i lys av at dei same elevane uansett skal gå samla på Bygland skule frå og med skuleåret 2027–2028, når dei startar i ungdomsskulen. Ei samling eitt år tidlegare kan bidra til ein tryggare og meir føreseieleg overgang.

Kommunedirektøren understrekar at samlokaliseringa er ei mellombels løysing, og at det må arbeidast vidare med oppfølging av tidlegare politisk vedtak om å sjå heilskapleg på organisering av opplæringa og skulestruktur i Bygland kommune. Dette skal handsamast som eiga sak.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå Ap og Sp

Forslag På vegner av Senterpartiet, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Arbeidarpartiet Behandlet

Saken tas til orientering, og foreldrenes ønske skal komme tydelig frem i saken innen det skal opp i kommunestyret. Det forutsettes at kommunestyremøtet lukkes, slik at foreldrene i den aktuelle klassen kan uttale seg.

Vedlegg

Les meir expand_more