Innstilling frå kommunedirektøren
1. Kommunestyret tek framlagt prosjektplan for «Bygland som senter for vikingtid/kulturminne» til orientering.
2. Den årlege økonomiske ramma for arbeidet vert redusert frå 600.000 kroner til 100.000 kroner.
3. Kommunestyret vedtek at hovuddelen av tiltaka i prosjektplanen ikkje vert gjennomførte.
4. Arbeid knytt til etablering av nye utstillingar og tilhøyrande arrangement vert ikkje vidareført.
5. Det vidare arbeidet vert avgrensa til enkle tiltak som skilting, tilrettelegging og synleggjering av eksisterande kulturminne innanfor vedteken økonomisk ramme.
6. Dei økonomiske konsekvensane av endringane vert vurderte og innarbeidde i samband med første tertialrapport.
Behandling
Innstilling frå kommunedirektøren:

Anne Løyland (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag:
1. Saka vert utsett
2. Ordførar får i oppdrag og kalle inn til eit møte med Kulturhistorisk Museum, Agder Fylkeskommune og Aust-Agder Arkiv og Museum, for å drøfte det vidare arbeidet med å etablere Bygland som eit senter for arkeologi og vikinghistorie i Indre Agder.
Votering:
Forslag frå Ap vart vedteke med 3 mot 2 stemmer.
Innstilling frå kommunedirektøren
Høgre (2/2)
Forslag frå Ap
Arbeidarpartiet (2/2)
Senterpartiet (1/1)
Vedtak
Anne Løyland (Arbeidarpartiet) sitt forslag vart sett opp mot Innstilling frå kommunedirektøren