Hopp til hovudinnhaldet
01

Forslag frå R. F. Granheim (Ap)

Forslag Behandlet

Orientering frå ordførar

Statens Vegvesen:

Vi har no regelmessige dialogmøter, orientering om kva som skjer hjå den enkelte, og kva prosjekt som ligg i løypa framover.

Mykje arbeid med sideterreng og rydding langs Rv9, sideterreng bla rett nord for dammen ved Vøringshuset. Kommunen kan få tilgang på ein del nyttig masse frå slikt arbeid.

Fylle igjen vanngropa like sør for Revsnes Hotell, i tillegg til ein utvida parkeirngsplass ved skulen på B.fjord.

Ønske om å utbedre parkering og avkjørsel ved Rakkeneset, der er mykje folk om sommaren, og handlar mellom anna om trafikksikring. Der er grunneigar positiv, og vi har klar ein avtale. Tanken er at vi også får på plass eit sommertoalett, og søppeldunkar.

Elles så er arbeidet også godt i gang på Ose, fra den nye brua og nordover. Elles så er det som kjent Statens Vegvesen som eig slusene ved Storestraumen, der er det Torgeir Hodne som har fått det lokale ansvaret.

Møte om Nasjonal Turistveg

Møte i Samferdsel.dep med statsekretær, styreleiar i Setesdal Regionråd, pluss fylkesordførar og opposisjonsleder, og dgl leiar Gro Anita Mykjåland. Forsiktig framgang, og det jobast for å få til ei ny befaring med Statens Vegvesen.

Møte mellom Setesdal Regionråd og Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet har utarbeidd ein Strategi for arbeid for immateriell kulturarv, ein plan for korleis staten og konkrete områder kan jobbe for å implentere arbeidet med dette.

Vi meiner at vi kan dokumentere at vi er godt i gang på dette allerede, og har spelt inn at vi godt kan bidra, og vere ein lagspelar for staten i dette arbeidet. Vi tikkar av på fleire område i strategien, med vårt arbeid med lokale læreplanar, kulturskulesatsing, støtteordning for utøvarar, dokumentasjon osv.Vi jobbar for at det bør kome midler over statsbudsjettet for å sikre at arbeidet kan halde fram, dette er eit langsiktig arbeid.

Det planleggast i år igjen Verdas Største Gangar-ring på museumsområde på Bygland, der alle elevane frå Bykle og Valle også er med.

Bygland kyrkelelege Fellesråd og Sokneråd, Austa kyrkje og ny avtale

Sokneråd/fellesråd jobber med Austad kyrkje, særleg det rundt kva dette kan vere, kva slag eldsjeler er med. Gruppa som jobbar fram eit konsept for Kulturkyrkje er også i gang att.

Elles må vi som nevnt tidlegare revidere og fornye avtalen mellom Bygland kommunen og Kyrkja. Det bør vi ha på plass tidleg i haust, og i tide før budsjettprosessen.

Fredning av av bjoren 13. juni.

Elles ventar vi også på Langeidsverdet som skal opp i rundkøyringa, i fyrste halvdel av mai. Så blir det eit arbeid med fundement og slikt før det kjem opp før sommaren, håpar eg. Det blei etterspurt ei sak om belysning i høve med tertialrapporten, som skal opp som sak i juni.

Betre rutetilbud AKT, Evje -Byglandsfjord: her fra siste oppdatering frå dei:

Vi gjør følgende forsterkninger i rutetilbudet til/fra Byglandsfjord fra 1. juli:

  • Avgangen fra Kristiansand til Evje skule kl 1315 forlenges til Byglandsfjord meieri på skolefridager.
  • Ny avgang fra Byglandsfjord meieri til Evje sentrum kl 1458 på skolefridager.
  • Avgangen fra Kristiansand til Evje skule kl 1845 forlenges til Byglandsfjord meieri på alle hverdager.

Når vi har ny rutetabell fra 1. juli klar så sender vi denne over til dere. Det blir spennende å følge med på antall reisende framover.

Dette er veldig bra, og eg er takknemlig for at AKT var så positive i denne saka.

BUA-Boksar

Sist vil eg seie at Frivilligsentralen, i samarbeid med Bygg Bygland har skaffa såkalte BUA-boksar, som er fylt med ulikt utstyr til aktiviteter til gratis utlån. Det kjem slike boksar ved Årdalshallen, ved Byglandshallen og ein i Åraksbø. Det blir opning av dette fredag 8.mai. Dette blir dei fyrste slike boksane i heile landsdelen, i følgje Anne Fauske. Det er eit veldig godt og inkluderande tilbod.

Vedlegg

Les meir expand_more