Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
14:32 Forslag frå K. R. Heia (UAV)
Forslag fra Høgre:
Reise kommunedirektøren sitt forslag til formannskapet
Kommunedirektøren si innstilling:
1. Kommunestyret tek framlagt prosjektplan for «Bygland som senter for
vikingtid/kulturminne» til orientering.
2. Den årlege økonomiske ramma for arbeidet vert redusert frå 600.000 kroner til
100.000 kroner.
3. Kommunestyret vedtek at hovuddelen av tiltaka i prosjektplanen ikkje vert
gjennomførte.
4. Arbeid knytt til etablering av nye utstillingar og tilhøyrande arrangement vert ikkje
vidareført.
5. Det vidare arbeidet vert avgrensa til enkle tiltak som skilting, tilrettelegging og
synleggjering av eksisterande kulturminne innanfor vedteken økonomisk ramme.
6. Dei økonomiske konsekvensane av endringane vert vurderte og innarbeidde i
samband med første tertialrapport.
FOR
6 Kjell Rune Heia Uavhengig Kai Larsen Høgre Knut Vatsend Høgre Olaf Håkon Tørresen Høgre Daniel Eikerapen Høgre Anne Eikerapen HøgreMOT
9 Vigdis Beisland Senterpartiet Jørund Kvaale Hansen Senterpartiet Åsulv Haugetveit Senterpartiet Tor Kasin Senterpartiet Knut William Bygland Pensjonistpartiet May Britt Stenjor Arbeidarpartiet Runar Flåt Granheim Arbeidarpartiet Finn Håkon Borgi Arbeidarpartiet Anne Løyland Arbeidarpartiet14:33 Innstilling frå formannskapet
1. Saka vert utsett
2. Ordførar får i oppdrag og kalle inn til eit møte med Kulturhistorisk Museum, Agder Fylkeskommune og Aust-Agder Arkiv og Museum, for å drøfte det vidare arbeidet med å etablere Bygland som eit senter for arkeologi og vikinghistorie i Indre Agder.
FOR
9 Jørund Kvaale Hansen Senterpartiet Vigdis Beisland Senterpartiet Tor Kasin Senterpartiet Åsulv Haugetveit Senterpartiet Knut William Bygland Pensjonistpartiet May Britt Stenjor Arbeidarpartiet Runar Flåt Granheim Arbeidarpartiet Finn Håkon Borgi Arbeidarpartiet Anne Løyland ArbeidarpartietMOT
6 Kjell Rune Heia Uavhengig Kai Larsen Høgre Knut Vatsend Høgre Daniel Eikerapen Høgre Anne Eikerapen Høgre Olaf Håkon Tørresen Høgre14:33 Tilleggsforslag frå Ap og Sp
Kommunestyret ber om at kommunedirektøren legg til rette for at utstillinga skal vere open i sommarferieperioden, i hvertfall ein periode. Skilt e.l må også kome på plass.
Kommunedirektøren vurderer moglege løysinger, samarbeid og tidsramme for dette, eventuelt ved å lyse ut sommarjobb for unge. Dette dekkast inn fortrinnsvis frå midler avsett til dette, og kan evt handsamast i samband med 1. tertialrapport.