Behandling
Runar Flåt Granheim (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag:
Orientering frå ordførar
Møte med Fylkeskommunen
Politisk ledelse i Agder Fylkeskommune har vore på besøk, et var forrige veke, møte med politisk ledelse her og kommunnedirektør.
Samarbeidet mellom oss, saker og tema som er aktuelle er på dagsorden i slike møter, og endelig referat blir lagt ved som referatsak til kommunestyret.
Kort fortalt vil eg seie at samarbeidet med fylkeskommunen er godt, det er lett å ta kontakt og få til møter og samarbeid, og det er mye samarbeid på fleire områder.
Vi hadde en innleiande diskusjon om ordskiftet og debattklimaet som er krevjande både i lokale og regionale saker,- det vere seg for eksempel vindkraft, villreinforvalting, sjukehusstruktur, skulestruktur og rolla til Statsforvalteren.
Av viktige samarbeid løfta vi opp Setesdal Vidaregåande skule,- konret at det er viktig for oss at Hornnes Vgs er i best mulig stand og kan gjøre seg attraktiv for våre ungdom.
Vi trakk selvfølgelig også fram KVS Bygland, som er svært viktig for oss, og som leverer et godt og ettertrakta tilbud i heile regionen, og som nok ei gong har svært gode søkertall.
Vi hadde planarbeid oppe som viktig sak, der vi kan og vil samarbeide med fagmiljøet i Fylkeskommunen i større grad.
Beredskapsarbeid var også opp og vi løfta opp bekymringa vår for å miste ambulansen igjen, og ba fylkespolitikerne våre også vere observante på denne saka.
Generelt ynskjer vi å samarbeide regionalt i høve beredskap.
AKT, kollektivtilbud er også veldig viktig for oss,- og vi takka også for at AKT nå vil vere med på å auke rutetilbudet noe mellom Evje og B.fjord.
Ellers så er vi også takknemlige for samarbeidet med Agder Fylkeskommune når det gjeld Ose Turistheim, der dei var med i arbeidsgruppe, og at dei også er gode samarbeidspartnere når det gjeld Bjoren. Generelt ynskjer vi enda breiare samarbeid med Fylkeskommunen på det som har med kulturminne og reiseliv å gjere, og som vi har hørt av orienteringa i dag, har Fylkeskommunen mye kompetanse innafor dette.
Til slutt streka vi under at det er viktig at Bygg Bygland får opprettholde aktiviteten i heile prosjektperioden. Også der er Fylkeskommunen med på ein svært aktiv og positiv måte, med ein observatør i styringsgruppa, Torleiv Momrak.
Møte med Næringslaget
Vi har som dykk veit kvartalsvise møter med Næringslaget, der ordførar, leder i Bygg Bygland og kommunedirektør møte styreleder og andre i Næringslaget. Vi hadde møte med dei i går. Konkret jobbar dei nå med å bli Setesdal Næringsforening, med eit mål om å kunne vere ei regional forening for næringslivet i heile Setesdal. Rune Steen Moen er invitert til kommunestyret for å orientere om dette arbeidet i september,- då har dei forhåpentligvis kome eit stykke på veg i dette arbeidet.
Elles så er hensikta med møta å ta opp aktuelle saker, og det var spesielt to saker dei løfta i går, og det eine gjekk på moglegheiter for drift på Ose Turistheim i sommar, og det andre gjekk på Vikingsatsinga i Bygland, som skal opp som egen sak i dag. Næringslaget speler inn at Langeidsverd i rundkøyringa, merking av funnsteder og eit museum vil vere positivt for reiselivet, dei ser moglegheiter for positiv marknadsføring og meir kommersialisering og aktivitetar knytta til dette. Dei ser også dette i samarbeid med gode tiltak ifb med arbeidet for å bli Nasjonal Turistveg.
Møte styringsgruppe Setesdal Barnevern
Det har også vore eit møte i styringsgruppa for Setesdal Barnevern, sammen med Statsforvalteren i Agder. I slike møter går ein gjennom tjenesten. Vi er einige om at Setesdal Barnevern leverer gode tenester til oss, og har mykje intern og brei kompetanse, men også at tenesta er sårbar ved vakanser og sjukefråver. Likevel er det eit faktum at Bygland ligg svært høgt når det gjeld kostnader innafor barnevern pr innbygger, og vi må arbeide for å få ned desse. Levekårsutvalget har dette høgt på agendaen, og hadde i sist møte ei innleiende orientering om dette. Forebygging, tidleg innsats og godt samarbeid mellom instansene er viktige stikkord frå dette, og at det jobbast stadig betre og meir systematisk med dette.
Nokre av dykk har sikert fått med seg at dei lyser ut etter ei ekstra stilling der nå, ei stilling som skal fokusere på familierådgjeving og vere tett på familiar, og med ekstra fokus på Bygland kommune. Dette er eit bra og målretta tiltak for oss. Ellers er det bekymring knytta til mangel på fosterheimar, her i regionen, men behovet er stort også nasjonalt.
Når det gjeld tal og data som går på utanforskap, levekår og utvikling over tid vil eg også anbefale alle å bruke Agdertall, som er ein liveoppdatert database for mange områder, alt fra fullføringsgrad, sysselsettingsgrad, demografi og mange andre tema.
Agdertinget
I neste veke er alle ordførarane i Agder samla i Oslo på det årlege Agdertinget.
Av store saker som skal opp der er Nasjonal sikkerhetsstrategi og langtidsplan for forsvaret, med Forsvarsminister Tore O. Sandvik som innleder. Vidare Kraftsituasjonen i NO2 og grønn omstilling for næringslivet med Agders fortrinn, med Leder for energi- og miljøkomiteen Mani Hussaini som innleder. Vidare Sivil beredskap og totalforsvar, med Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen som innleder,
og vidare til slutt om Ny helsereform og rekruttering av fagfolk til Sørlandet sykehus, Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre som innleder
Til slutt vil eg minne om at det blir ein fredningsseremoni av Bjoren, laurdag 13.juni.
I tillegg legg vi opp til ein avduking av Langeidsverdet i rundkøyringa 16.juni. Meir info om det vil kome.