Orientering frå kommunedirektøren
-Første tertial vil bli gjennomgått i komande møterunde. Det vi ser er at vi går mot eit underskot på i overkant av fire millionar slik situasjonen nå er. Under behandlinga av budsjettet for 2026 var vi tydelege på at det ville vere svært krevjande å nå innsparingsmåla for våren 2026. Vi gjer grep og arbeider målretta mot å ta ned driftsutgifter der vi kan. Vi set ikkje inn vikarar med mindre det er heilt høgst nødvendig. Alle vikariat og tilsetjingar skal vurderast av kommunen si øvste leiing før utlysing.
-Langeid-sverdet til rundkøyringa på Bygland er kome til kommunen, og vi har kontakt med Nomeland som skal montere installasjonen. Endeleg dato og «opningsmarkering» for sverdet vil bli publisert når tidspunkt for ferdig montering er stadfesta.
Orientering frå kommunedirektør, beredskap:
-Arbeid med å redusere risiko og sårbarheit, inkl. ROS og oppdatering av planar
-Behov for styrking av kapasitet, kompetanse og internkontroll
-Vurderer interkommunalt samarbeid og etablering av beredskapsråd
-Fokus på kritisk infrastruktur (VA og vegar m.m.) og samhandling og samarbeid rundt blålys-etatane
-Ambulansetenesta: uavklart situasjon for sommaren 2026, generelt god dekning, men sårbarheit ved samtidige oppdrag
-Legevakt: sårbar ordning, trass i meir stabil drift siste periode. Vedtak i Evje og Hornnes stoppet saka per no, men det skal lages ei ny sak på alternativ for å ta ned risiko for bortfall av tenesta. Bygland kommune bidrar også inn i dette arbeidet