Innstilling frå kommunedirektøren
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Bygland kommune detaljreguleringsplanen for RV9 Frøysnes (planID 202301), reguleringsplankart (R01-R07) med siste revisjonsdato 09.06.2026 og føresegner med siste revisjonsdato 09.06.2026 med vilkår om;
• Det må leggjast til ei ny rekkefølgjeføresegn som sikrar overvasshandtering.
§ 2.7 Overvatn
Før det kan gis igangsettingsløyve til tiltak etter planen, skal det utarbeidast ein samla overvassplan for planområdet.
Vedlegg
Forslag frå J. K. Hansen (Sp)
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Bygland kommune detaljreguleringsplanen for RV9 Frøysnes (planID 202301), reguleringsplankart (R01-R07) med siste revisjonsdato 09.06.2026 og føresegner med siste revisjonsdato 09.06.2026 med vilkår om;
• Det må leggjast til ei ny rekkefølgjeføresegn som sikrar overvasshandtering.
§ 2.7 Overvatn
Før arbeidet settast i gong, skal det utarbeidast ein samla overvassplan for planområdet.
• Manglande område #13 leggast inn i plan.
• Endring under 2.4 støy;For bustader og fritidsbustader som har støynivå Lden > 55 dB på den primære uteplassen, skal det tilbydast skjermingstiltak for utandørs opphaldsareal på minimum 15 m².
• Endring under 3.1.1 Fellesføresegner for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.
Føremålsgrensene mellom arealføremåla innanfor «Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur» kan justerast i samband med detaljprosjektering/byggteknisk plan og ved gjennomføring av anlegget. Høgdene på køyrevegane kan justerast. På strekninga frå Glåparodden til Frøysnes sør (pel 5660 – 7850) og frå Frøynes nord til planens slutt (pel 8950 – 9850) kan høgdene på Rv. 9 justerast inntil +/- 2,0 m. Gjennom Frøysnesbygda (pel 7850 – 8950) kan høgdene justerast inntil +/- 0,5 m. Køyreveg f_KV3 kan justerast inntil minus 2,0 m i sør. gjeld i forhold til det som er vist i teikningshefte. Endringane må ikkje gå ut over transportfunksjonen og trafikktryggleiken. Justeringar skal dokumenterast.
Vedlegg
Utsettelsesforslag frå H
Med bakgrunn i mangelfull saksutredning og informasjon om manglende dialog med grunneiere, foreslås saken sendt tilbake til administrasjonen for ny behandling. Behov for begrenset höring må vurderes. Saken önskes fremlagt snarest mulig og senest desember 2026.